Sunfixbreen
Sunfixbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 69°16′S 64°30′W / 69.267°S 64.500°W | ||
Lengd | 28 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sunfixbreen 69°16′00″S 64°30′00″W / 69.2667°S 64.5°W | |||
Sunfixbreen er ein sidebre, som er 28 km lang og 3,5 km brei, og som drenerer aust-nordaust mellom Grimleybreen og Lurabeebreen og ut i Caseybreen, nord i Palmer Land i Antarktis. Han vart fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) den 22. desember 1947 og kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i november 1960. Namnet kjem frå ein viktig posisjonsavgjersle for breiddegraden dei var på ved hjelp av sola (sun fix), observert av FIDS ved enden av denne breen, eit område der skyar gjer at sola sjeldan skin gjennom for å kunne ta slike observasjonar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sunfix Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).