Hopp til innhald

Sulzberg i Vorarlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulzberg, med ei kyr av typen Holstein-frisisk fe i framgrunnen

Sulzberg er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 23,0 km² og hadde i kring 1800 ibuarar i 2016. Landsbyen Sulzberg ligg 1013 meter over havet. Kommunen grensar i nord mot delstaten Bayern i Tyskland.

Turisme og landbruk er viktigaste næringane i Sulzberg. Heile 62 % av landarealet vert nytta til landbruksføremål.