Stordal kommune
Stordal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Stordal | ||
Areal | 247 km² | ||
• land | 244 km² | ||
• vatn | 3 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Eva Hove (Ap) | ||
Kommunenr. | 1526 | ||
Stordal kommune 62°23′24″N 7°06′38″E / 62.39°N 7.1105555555556°E | |||
Kart som viser Stordal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Stordal | |||
Nettstad: www.stordal.kommune.no |
Stordal er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Ørskog i nordvest, Vestnes i nord, Rauma i aust, Norddal i søraust, Stranda i sør og til Sykkylven i vest.
Kommunen vart oppretta då han vart skild ut frå Stranda kommune i 1892. Han vart slått saman med Ørskog kommune og Skodje kommune i 1965, men den nye storkommunen vart oppløyst att i 1977, og Stordal vart eigen kommune igjen. Stordal var ved samanslåinga den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Norddal til Fjord kommune.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Då Stordal kommune vart skild ut att som eigen kommune, vart han den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Men folketalet minka raskare i Tustna kommune enn i Stordal, og i 1998 tok Stordal att Tustna. Frå då og fram til 2006 veksla dei to kommunane på å vera minst. Det året vart Tustna kommune slått saman med Aure kommune, og frå då var Stordal igjen minst i fylket. Per 2010 var Stordal den einaste kommunen i Møre og Romsdal etter dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet som hadde hatt færre enn 1000 innbyggjarar. Talet var lågare enn dette i 2003-04 og 2006-08.[1]
Folketalsutvikling for Stordal kommune frå 1892:
1.1.1892[2] | 1910[3] | 1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[1] | 1.1.1961[1] | 1.1.1981[1] | 1.1.1991[1] | 1.1.2001[1] | 1.1.2010[1] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
850 | 908 | 923 | 936 | 1053 | 992 | 1042 | 1080 | 1025 | 1070 | 1030 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Folkemengd i Stordal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)