Staryj Krym
Staryj Krym | |||
Старий Крим, Eski Qırım | |||
by | |||
Konstantin Bogaevsky Stary Krym, 1903
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Høgd | 300 moh. | ||
Koordinatar | 45°1′45″N 35°5′19″E / 45.02917°N 35.08861°E | ||
Areal | 9,97 km² | ||
Folketal | 9 446 (2011[1]) | ||
Folketettleik | 947 / km² | ||
Grunnlagd | Første hundreåret | ||
• Bystatus | 1784 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 97345 | ||
Retningsnummer | +380-6555 | ||
Staryj Krym 45°01′45″N 35°05′19″E / 45.029166666667°N 35.088611111111°E | |||
Kart som viser Staryj Krym.
| |||
Wikimedia Commons: Staryi Krym |
Staryj Krym (ukrainsk Старий Крим, russisk Старый Крым, krimtatarisk Eski Qırım) er ein liten historisk by aust på Krimhalvøya, kring 25 km vest for Feodosija. Byen har kring 9 000 innbyggjarar (2011).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har ei lang historie. Han vart truleg grunnlagd på første halvdel av 1200-talet då Krimhalvøya vart teken av Batu Khan. Mongolane bygde festningsverk i byen og han vart så hovudstad av Krim Jurt (provinsen som dekte Krimhalvøya for Den gylne horden) og var heimstaden til emiren av Krim. I denne perioden hadde byen to namn samstundes. Dei tyrkisktalande kalla han Qırım (krimtatarisk: qırım - åsen min), medan italienske handelsmenn kalla han Solcati. Solkhat er ei tyrkifisert form av det italienske namnet.
Det tyrkiske namnet på byen, Qırım, gav til slutt namn til heile halvøya.
På 1200- og 1300-talet var Qırım ein stor og velståande by som av arabarane vart kalla den andre Bagdad. Frå den perioden finst Ozbek Han-moskeen, bygt i 1314 av Uzbeg Khan og ruinane av madrassa bygt i 1332.[2] Qırım var hovudstaden til khanane på Krim fram til byrjinga av 1500-talet. Etter at hovudstaden i Krim-khanatet vart flytta til Bakhtsjisaraj vart byen mindre viktig.
Sidan Krimhalvøya vart annektert av Katarina II av Russland i 1783 har byen vore mest kjend under det russiske namnet Staryj Krym (tyder Gamle Krim), som er ei russisk omsetjing av det opphavlege krimtatariske namnet Eski Qırım.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Staryi Krym» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Державний комітет статистики України. Чисельність наявного folketal України на 1. januar 2011 року, Київ-2011 (doc), arkivert frå originalen 10. oktober 2012, henta 6. oktober 2012
- ↑ «krimtatarisk Architecture». International Committee for Krimhalvøya. Henta 6. oktober 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.iccrimea.org/monuments/monuments.html
- http://tatarworld.com/history.htm
- http://www.go2crimea.com/en/index.php?p=31&s=10 Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- http://www.zum.de/whkmla/region/russia/crimeapre1478.html
- http://archnet.org/library/places/one-place.tcl?place_id=8092 Arkivert 2006-02-14 ved Wayback Machine.