Spitsbergen
Spitsbergen | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nordishavet |
Koordinatar | 78°54′N 18°01′E / 78.900°N 18.017°E |
Øygruppe | Svalbard
|
Areal | 37 673 km²
|
Høgaste punkt | Newtontoppen (1713 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Største busetnad | Longyearbyen
|
Spitsbergen (tidlegare Vestspitsbergen) er den største øya i øygruppa Svalbard i Nordishavet. Øya har eit areal på 37 673 km²[1], og er med det den største øya i Kongeriket Noreg, meir enn ti gonger så stor som Hinnøya, den største øya langs norskekysten. Omlag 58,5 % av øya er isdekt.
Øya vart oppdaga av nederlendaren Willem Barents i 1596, og han gav øya namn. Namnet gav han fordi det var så mange høge, spisse fjell der. Namnet Spitsbergen vart tidlegare nytta om heile øygruppa Svalbard. Ho er om lag 450 km lang og mellom 40 og 225 km brei. Sidan Spitsbergen ligg langt innanfor polarsirkelen har ho midnattssol frå seint i april til seint i august. Frå rundt 26. oktober til rundt 15. februar er det mørketid.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet på Spitsbergen vart gjeve av den nederlandske oppdagaren Willem Barents, som oppdaga øya då han leitte etter Nordaustpassasjen i 1596. Øygruppa kan derimot ha vore kjend for russiske pomorar på jakt så tidleg som på 1300- eller 1400-talet, men ein har ikkje funne spor etter dette folket frå før 1600-talet. Pomorane konkluderte med at dei hadde funne ein del av Grønland og kalla området Grumant (Грумант). Namnet Svalbard er fyrst nemnt i islendingesogene frå 900- og 1000-talet, men dei kan òg referere til Jan Mayen eller Grønland.
Spitsbergen er ein av tre busette øyar i øygruppa og med heimel i Svalbardtraktaten kan alle signaturstatar slå seg ned på øygruppa. For tida er det berre Noreg og Russland som nyttar seg av denne retten. Den største busetnaden på Spitsbergen er den norske Longyearbyen, medan den nest største er den russiske kolgruvebyen Barentsburg. Nederlendarane selde rettane til byen til det sovjetiske gruveselskapet Arktikugol i 1932. Andre busetnader på øya er dei tidlegare russiske gruvebyane Grumantbyen og Pyramiden (fråflytt i høvesvis 1961 og 1998), ein polsk forskingsstasjon ved Hornsund og den avsidesliggjande nordlege busetnaden Ny-Ålesund.
På grunn av dyreliv og havstraumar slo tidlege kvalfangstekspedisjonar til Svalbard hovudsakleg seg ned på Vestspitsbergen og øyane utanfor kysten.
Kvadehuksletta, på Vest-Spitsbergen, er kjend for sine unike steinformasjonar, inkludert særs sirkelforma steinar og labyrintliknande mønster. Ein meiner desse formasjonane kjem av telehiv.
Edgeøya ligg søraust for Spitsbergen. Denne øya er ikkje busett og er den største delen av Søraust-Svalbard naturreservat og har isbjørn og reinsdyr.
Allierte soldatar var stasjonert på øya i 1941 for å hindre at Nazi-Tyskland skulle okkupere øyane. Øyane vart offisielt lagt til Noreg i 1920-åra, men landet kom inn under tysk okkupasjon i 1940. Dei fleste innbyggjarane på øya var russarar (Sovjetunionen hadde ein ikkje-åtaksavtale med Tyskland fram til 22. juni 1941). Storbritannia og Canada sendte militære styrkar til øya for å øydeleggje installasjonane og hindre tyskarane frå å okkupere ho.[2]
Frøkvelv
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Svalbard globale frøkvelv.
Den norske regjeringa bygde eit frøkveld for å lagre frø frå så mange planter i verda som råd. Kvelvet består av ein 120 meter lang tunnel på Spitsbergen med ein naturleg temperatur på -6 °C. Frøa ligg lagra i to åtskilde kveld i enden av tunnelen med ein temperatur på -18 °C.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Den polske polarstasjonen i Hornsund - operativ sidan 1957
- Russenorsk
- Øyar i Noreg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Spitsbergen» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- West Spitsbergen, Encyclopædia Britannica.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Areal frå
- Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica. 1986.
- Kunnskapsforlagets Store Norgesatlas. Kunskapforlagets. 1996.
- ↑ canadiansoldiers.com, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 4. april 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Teksten til Svalbardtraktaten ved Wikisource (en). |
- Fotoserie frå den nederlandske fotografen Thijs Heslenfeld Arkivert 2011-09-17 ved Wayback Machine.
- svalbard.com Arkivert 2008-12-16 ved Wayback Machine.
- Generell informasjon om Spitsbergen
- Spitsbergen.de
- Naturen på Spitsbergen med mange bilete Arkivert 2007-03-08 ved Wayback Machine.
- Spitsbergen-kart Arkivert 2010-11-30 ved Wayback Machine.
- Kvadehuksletta
- Bilete frå Longyearbyen og Pyramiden