Spellemannprisen 2001
Spellemannprisen 2001 vart delt ut i Oslo Spektrum fredag 1. mars 2002. Morten Abel kom til å bli den store vinnaren, med prisen for Årets spellemann og som vinnar av klassane «popsolist» og «årets låt». Röyksopp gjorde det også bra og vann prisen i den nye klassen «elektronika» og «årets musikkvideo». I tillegg til elektronika vart det for fyrste gong delt ut prisar i klassane «metal» og «blues».
I samband med Spellemannprisens 30-årsjubileum vart det også delt ut ein spesialpris kalla for «Tidenes norske hit» der Spellemannkomitéen nominerte 14 låtar frå den 30-årige historia til utdelinga. Vinnaren blei avgjort av publikum som på førehand kunne avgi stemma si gjennom telefon og internett. «Noen ganger er det all right» med Odd Børretzen og Lars Martin Myhre gjekk av med sigeren framfor «Take On Me» med a-ha og «Lys og varme» med Åge Aleksandersen.
Det var også 30., og førebels siste, gong NRK arrangerte utdelinga. Utdelinga blei leia av Bård Tufte Johansen og overført direkte på NRK1.
Vinnarar
[endre | endre wikiteksten]Klasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Popsolist | Morten Abel | I'll Come Back And Love You Forever |
Popgruppe | Savoy | Reasons to stay indoors |
Rock | Kaizers Orchestra | Ompa til du dør |
Elektronika | Röyksopp | Melody A.M. |
Blues | Bjørn Berge | Stringmachine |
Metal | Dimmu Borgir | Puritanical Euphoric Misanthropia |
Hip-hop | Klovner i kamp | Bjølsen hospital |
Open klasse | Anja Garbarek | Smiling & Waving |
Folkemusikk/gammeldans | Per Sæmund Bjørkum | Berg og Vatn |
Danseorkester | Scandinavia | De aller beste live |
Jazz | Urban Connection | Urban Connection |
Klassisk musikk | Rolf Lislevand | Alfabeto |
Samtidsmusikk | Peter Herresthal | Arne Nordheim; Complete Violin Music |
Viser | Halvdan Sivertsen | Tvil, håp og kjærlighet |
Barneplate | Uhu! (NRK Barn) | Uhu! |
Årets musikkvideo | Röyksopp | «Eple» |
Årets nykomar | Sondre Lerche | Faces Down |
Årets låt | Morten Abel | «I'll Come Back And Love You Forever» |
Årets spellemann | Morten Abel | |
Tidenes norske hit | Odd Børretzen & Lars Martin Myhre | «Noen ganger er det all right» |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.