Spektrometer



Spektrometer er eit optisk instrument brukt for å analysera eigenskapane til elektromagnetiske spektrum, som lys. Ein måler ofte intensiteten til lyset, men kan også ta for seg til dømes polarisering.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Eit spektrometer har ofte ei spalte for å fokusera bølgjene som kjem inn. Bølgjene blir så spreidde av eit diffraksjonsgitter eller eit prisme.
Detektoren i spektrometeret kan vera følsam for temperatur, ein partikkelteljar eller ein fotomultiplikator. Ei spalte framfor detektoren kan anten flyttast forbi han eller saman med han langs spekteret. I eit magnetisk spektrometer vil som regel begge vera faste medan ein flytter spekteret ved hjelp av eit variabelt magnetfelt.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Spektroskop kan mellom anna brukast til å finna ut kva bølgjelengder lys frå ein viss kjelde inneheld, og gjennom dette slå fast kva stoff det er sendt frå. Spektroskopi kan dermed nyttast innan astronomi, til å studera stjerner, eller til å analysera ulike stoff i kjemi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «spektrometer» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Spektrometer» frå Wikipedia på svensk, og «Spectroscope» frå Wikipedia på engelsk den 9. desember 2009.