Hopp til innhald

Songkran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songkran-feiring i Laplae.

Songkran er nyttårsfeiringa i Thailand, Laos og Kambodsja. Sentralt i denne feiringa er å signa kvarandre med vatn. Tradisjonelt praktiserer ein denne skikken ved å hella nokre dropar vatn over hendene eller skuldra til den ein vil signa, men mange stader har dette utarta seg til ein ellevill vasskrig der ein dynkar kvarandre med bøtter, slangar og vasspistolar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med religion og Thailand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.