Songarar
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå songar.
Songarfamilien | |
Svarthovudsongar, Curruca melanocephala Foto: Andreas Trepte
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae Vigors, 1825 |
Songarar, Sylviidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar. Songarar finst som hekkefugl i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Dei fleste songarane i tempererte regionar er sterke trekkfuglar, med overvintring i Afrika og i tropisk Asia.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Slekta Sylvia
[endre | endre wikiteksten]Slekta Sylvia av «typiske songarar» er den klart mest talrike med 30 artar. Sylvia er mellomstore songarar på rundt 13-17 centimeter i kroppslengd. I denne slekta syner mange kjønnsdimorfisme, med distinkte fjørdrakter for kjønna. Ein variant blant fleire artar i slekta er at hannar har eit mørkt fjørparti på hovudet og at dette partiet er brunt eller grått hos hoer. Eit døme er arten munk. Hos svarthovudsongar er større del av hovud mørkt hos hannar. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar, med nokre unntak. Til dømes lever arten munk året rundt i Storbritannia og sørover i Europa, vinsongar kan treffast året rundt på Iberiahalvøya.
Levevis
[endre | endre wikiteksten]Mange Sylviidae-songarar er i stor grad insektetarar, men buttnebb er òg frøetarar. Jamvel medlemmene av Sylvia kan ta ein stor del av føda som bær, frukt og anna plantematerial sjølv om insekt er hovudføda i hekketida.
Dei fleste artane er monogame og byggjer enkle, koppforma reir i tett vegetasjon. Dei legg mellom to og åtte egg per kull, avhengig av art, tre til seks er mest vanleg. Begge foreldra vil vanlegvis hjelpe med omsut for ungane, ungane er i stand til å flyge når dei er rundt to veker gamle.[1]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Sylviidae-songarar er ein del av ei større gruppe Sylvioidea, fleire artar i dagens Sylviidae har i følge tidlegare taksonomi høyrd saman i andre fuglefamiliar. Sjå artikkelen Sylvioidea for historikk.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Songarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Slekt Sylvia
- Munk, Sylvia atricapilla, Eurasian Blackcap, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Hagesongar, Sylvia borin, Garden Warbler, (Boddaert, 1783), (LC)
- Kvistdansar, Sylvia dohrni, Dohrn's Warbler, (Hartlaub, 1866), (LC)
- Etiopiasongar, Sylvia galinieri, Abyssinian Catbird, (Guérin-Méneville, 1843), (LC)
- Raudnebb, Sylvia nigricapillus, Bush Blackcap, (Vieillot, 1818), (VU)
- Gråhovudtimalsongar, Sylvia abyssinica, African Hill Babbler, (Rüppell, 1840), (LC)
- Svarthovudtimalsongar, Sylvia atriceps, Rwenzori Hill Babbler, (Sharpe, 1902), (LC)
- Slekt Curruca
- Hauksongar, Curruca nisoria, Barred Warbler, (Bechstein, 1792), (LC)
- Skifersongar, Curruca layardi, Layard's Warbler, (Hartlaub, 1862), (LC)
- Bandsongar, Curruca boehmi, Banded Parisoma, (Reichenow, 1882), (LC)
- Rustgumpsongar, Curruca subcoerulea, Chestnut-vented Warbler, (Vieillot, 1817), (LC)
- Ørkenmøllar, Curruca minula, Desert Whitethroat, (Hume, 1873), (LC)
- Møllar, Curruca curruca, Lesser Whitethroat, (Linnaeus, 1758), (LC)
- Mørkryggmøllar, Curruca althaea, Hume's Whitethroat, (Hume, 1878), (LC)
- Sørgjesongar, Curruca lugens, Brown Parisoma, (Rüppell, 1840), (LC)
- Jemensongar, Curruca buryi, Yemen Warbler, (Ogilvie-Grant, 1913), (NT)
- Raudehavssongar, Curruca leucomelaena, Arabian Warbler, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
- Punersongar, Curruca hortensis, Western Orphean Warbler, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
- Meistersongar, Curruca crassirostris, Eastern Orphean Warbler, (Cretzschmar, 1830), (LC)
- Saharasongar, Curruca deserti, African Desert Warbler, (Loche, 1858), (LC)
- Ørkensongar, Curruca nana, Asian Desert Warbler, Hemprich & Ehrenberg, 1833, (LC)
- Atlassongar, Curruca deserticola, Tristram's Warbler, (Tristram, 1859), (LC)
- Steppesongar, Curruca mystacea, Menetries's Warbler, (Ménétries, 1832), (LC)
- Svartstrupesongar, Curruca ruppeli, Rüppell's Warbler, (Temminck, 1823), (LC)
- Kyprossongar, Curruca melanothorax, Cyprus Warbler, (Tristram, 1872), (LC)
- Svarthovudsongar, Curruca melanocephala, Sardinian Warbler, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
- Raudbrystsongar, Curruca iberiae, Western Subalpine Warbler, (Svensson, 2013)
- Maquissongar, Curruca subalpina, Moltoni's Warbler, (Temminck, 1820), (LC)
- Raudsmekkesongar, Curruca cantillans, Eastern Subalpine Warbler, (Pallas, 1764), (LC)
- Tornsongar, Curruca communis, Common Whitethroat, (Latham, 1787), (LC)
- Maskesongar, Curruca conspicillata, Spectacled Warbler, (Temminck, 1820), (LC)
- Sardiniasongar, Curruca sarda, Marmora's Warbler, (Temminck, 1820), (LC)
- Vinsongar, Curruca undata, Dartford Warbler, (Boddaert, 1783), (NT)
- Balearsongar, Curruca balearica, Balearic Warbler, (von Jordans, 1913), (LC)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bairlein, F. & Bonan, A. (2019). Old World Warblers and Parrotbills (Sylviidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Hypertekst 'Species table' (Henta frå https://www.hbw.com/node/52320 15. september 2019).
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ David W. Winkler, Shawn M. Billerman, Irby J. Lovette. Bird Families of the World - A Guide to the Spectacular Diversity of Birds. Lynx Edicions and the Cornell Lab of Ornithology, pp 600, 2015. ISBN 978-84-941892-0-3
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)