Skansen stasjon
Skansen stasjon | |
Skansen stasjon med Skansenbrua i bakgrunnen. Foto: Alasdair McLellan | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Ila (Trondheim) |
Distanse | 551,67 |
Opna | 1893 |
Plattformer | 1 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Dovrebanen |
Overgang | |
Skansen stasjon er ein jernbanestasjon på Dovrebanen ved Ila i Trondheim. Stasjonen har status som haldeplass og vart opna i 1893. Stasjonen har i dag ikkje stasjonsbygning, men eit leskur og ei plattform, som er lokalisert 551,67 km frå Oslo sentralstasjon og berre 1,2 km frå Trondheim sentralstasjon. Skansen stasjon blir i dag betjent av lokaltog med Trønderbanen frå Norges Statsbaner i tillegg til regionstog mellom Trondheim og Røros.
Skansen stasjon ligg ved eit folkerikt område og er i dag den einaste stasjonen i Trondheim som har tilknyting til trikketilbodet frå Gråkallbanen. Stasjonen fungerer elles òg som stopp for rutebussar frå Nettbuss Trondheim.
Trikk
[endre | endre wikiteksten]Trondheims einaste trikkelinje, Gråkallbanen, har haldeplass rundt 50 meter frå stasjonen og denne haldeplassen stammar frå Ilalinjen, som i 1893 var den første trikkestrekninga som vart bygd i Trondheim.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jernbaneverket si informasjonsside om Skansen
- Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Dovrebanen
Førre stasjon | Jernbaneverket | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Dovrebanen | ||||
Regionaltrafikk | ||||
26 | Røros - Trondheim S - Rotvoll | |||
26 | Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skansen stasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 28. april 2013.