Sivert Fergstad
Sivert Fergstad | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. februar 1813 Byåsen |
Død |
19. september 1885 (72 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Sivert Fergstad på Commons |
Sivert Andreas Fergstad (5. februar 1813–19. september 1885) var ein norsk prest og politikar frå Byåsen i Trondheim.
Fergstad var son av ein skipper som døydde då Sivert var to år gamal. Han tok examen artium i 1835 og vart cand.theol. i 1841. Frå 1841 var Fergstad personalkapellan hos prost Widerøe i Stjørdal. År 1849 vart han den fyrste residerande kapellan i Meråker, sokneprest same staden 1864, og i tillegg prost i Søre Innherad frå 1875.
Fergstad var ordførar i Stjørdal 1846-49 og i Meråker 1854-57. Han var 2. representant på Stortinget frå Nordre Trondhjems amt i 1854, og 4. representant i 1857 og på omframstortinget 1858. I 1854 var han medlem av næringskomite nr 2, i 1857 av justiskomite nr 1. Synspunkta hans i mange saker låg til høgre i politikken og var truleg til hinder for attval.
Fergstad døydde på prestegarden i Meråker i 1885.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Røe, Tormod: Stjørdal kommune 1837–1987 : Kommunalt selvstyre i 150 år (1987), s. 36
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sivert Andreas Fergstad[daud lenkje] hos Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste