Hopp til innhald

Simen Agdestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Agdestein


Simen Agdestein under NM i sjakk i Bergen i juli 2009

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1967 (57 år)
Asker
Idrett fotball, sjakk
Tok del i Sjakk-OL 1982, Sjakk-OL 1984, Sjakk-OL 1988, Sjakk-OL 1990, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakkolympiaden 2014, Sjakk-OL 2002

Simen Agdestein (fødd 15. mai 1967 i Asker) er ein norsk stormeister i sjakk og tidlegare fotballspelar.

Han vart for fyrste gong Noregsmeister i sjakk i seniorklassen i 1982, som 15-åring, som den yngste gjennom tidene.[1] Ikkje ein gong Magnus Carlsen klarte å slå denne rekorden.

Simen Agdestein vart Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1983, og vart så i 1985 utnemnd til internasjonal stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE.[2] Han var den første frå Noreg som klarte å bli stormeister i sjakk. Sidan den gongen har han vore rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg, fram til Magnus Carlsen braut gjennom.

Sjakkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Simen Agdestein har blitt noregsmeister i sjakk heile 9 gongar, i 1982, 1986, 1988, 1989, 2000, 2002, 2005, 2022 og 2023,[3] og har dermed ei rekke med kongepokalar. Berre Berge Østenstad har nesten like mange, med 8 NM-sigrar. Med tittelen i 2023 vart Simen Agdestein også den eldste noregsmeisteren i sjakk, i ein alder av 56 år.

Simen Agdestein har mange sterke resultat i sjakkturneringar. Blant desse er dei tre sigrane i Nordisk meisterskap i sjakkGjøvik i 1985[4], og deretter i 1989 og 1992, og andreplassen i junior-VM på Gausdal i 1986.[5]

Simen Agdestein har spelt heile 8 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1982-1984, 1988-1990, 1996 og 2004, 2006 og 2008. I den første, som 15-åring i 1982, spelte han på 4. bord. I dei 4 neste spelte han på 1. bord, før han i dei tre siste spelte på 2. bord med Magnus Carlsen på 1. bord. I desse 8 turneringane spelte han til saman 76 parti, og skåra 45,5 poeng etter 31 sigrar, 29 remisar og 16 tap, 59,9 %. I 1982 fekk Agdestein 1. premie for beste resultat på 4. bord, etter å ha tatt 9 poeng på 12 parti, 8 sigrar, 2 remis og 2 tap, 75,0 %.[6]

Simen Agdestein var president i Norges Sjakkforbund i perioden 4. juli 2021[7] til 10. juli 2022.[8]

Agdestein skriv sjakkspalta i VG.

Fotballkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Agdestein var òg ein dyktig fotballspelar. Han spelte for Lyn, og fekk åtte A-landskampar for Noreg før ein kneskade tvinga han til å leggje opp.

Simen Agdestein er utdanna som samfunnsvitar. Han tok initiativet til sjakklina på Norsk Toppidrettsgymnas (NTG) i Bærum, og har vore sjakklærar der sidan starten. Mellom andre stormeistrane Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer har vore elevar ved sjakklina på NTG.

Simen Agdestein er yngre bror til den sterke FIDE-meisteren i sjakk Espen Agdestein, mest kjend som manager for Magnus Carlsen.

Simen Agdestein har vore gift med Marianne Aasen, som mellom anna har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 2005-2017.

Simen Agdestein har deltatt i det populære programmet Skal vi danse på TV.

Atle Grønn gav hausten 2023 ut ein biografi om Simen Agdestein, om Simen sitt tidlege liv og karriere som sjakkspelar og fotballspelar: Sjakken som var. Fortellingen om Simen Agdestein og hans tid.

  1. Brekke, s. 106
  2. Brekke, s. 95
  3. «Norwegian Championship: Simen Agdestein clinches ninth title», Chess News (på engelsk), 10. juli 2023, henta 10. juli 2023 
  4. Brekke s. 88-89 og 118
  5. Brekke s. 89
  6. Olimpbase
  7. Natl, Eirik; smyr (4. juli 2021), Simen Agdestein ny sjakkpresident! - Sjakktuelt (på norsk bokmål), henta 20. juli 2021 
  8. Gullaksen, Eirik T. (11. juli 2022), «Litt fra NSFs kongress 2022», Bergensjakk (på norsk bokmål), henta 10. juli 2023 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Bøker