Hopp til innhald

Sigrun Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrun Hoel
Fødd10. oktober 1951 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejurist, politikar, advokat
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
Alle verv
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (1984–1988)
  • likestillingsombud (1988–1988) Sjå dette på Wikidata

Sigrun Hoel (fødd 10. oktober 1951) er ein norsk jurist, statstenestekvinne og organisasjonsleiar. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1984 til 1988 og var fungerande likestillingsombod i 1984, 1988 og 1991.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Hoel blei utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1977 og arbeidde deretter i Trygderetten. Ho blei tilsett hos Likestillingsombodet frå etableringa i 1979, og var med å byggje opp institusjonen.[1] Ho var nestleiar hos Likestillingsombodet i store delar av ombodsperiodane til Eva Kolstad og Ingse Stabel. Ho var fungerande likestillingsombod i 1984, deretter i 1988 mellom Kolstad og Stabel sine ombudsperioder, og igjen i 1991.[2][3][4][5]

Hoel kom med i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) som 25-årig jusstudent i 1976. Ho var leiar i det største lokallaget i organisasjonen, Oslo Kvinnesaksforening, i fire år, før ho i 1982 etterfølgde Anne Kari Lande Hasle som 1. nestleiar på nasjonalt plan. I 1984 etterfølgde ho seinare høgsterettsdommar Karin Bruzelius som NKF-leiar. NKF markerte hundreårsjubileet sitt på landsmøtet der ho blei vald til leiar. Dei to forgjengarane hennar var den fyrste og andre kvinnelege departementsråden i Noreg.[5][6][7][8]

Hoel blei seinare høgskolelektor i juss ved Høgskolen i Oslo og Akershus.[9] Ho var norsk representant i planleggingskomiteen for Nordisk Forum i 1988.[10] Ho var også medlem av Utvalet for menneskerettar.[11]

  1. «Likestillingsombudet». Aftenposten. 5. september 1979. s. 37. 
  2. «Likestilling og omvalg», Aftenposten, 2. november 1984
  3. Bergens Arbeiderblad. 1988-07-02. 
  4. «Dårlige soningsforhold for kvinner i norske fengsler», NTB, 17. juli 1991
  5. 5,0 5,1 Eva Braathen Dahr (12. november 1984). «Kvinnesak i nye 100 år?». Aftenposten. 
  6. «Kvinnepolitiske saker står i kø». Trønder-Avisa. 7. november 1984. 
  7. «Vi bare spør». Klassekampen. 6. november 1984. s. 3. 
  8. «100-års dagen ingen målstrek for kvinnesak». Aftenposten. 7. november 1984. s. 17. 
  9. Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 273–274), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
  10. «Bredt opplegg for kvinnemøte», Aftenposten, 2. januar 1988
  11. Forvaltningsdatabasen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]