Hopp til innhald

Shangluo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shangluo
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 19 587,31 km²
Folketal 2 341 742 (2010)
Kart
Shangluo
33°52′05″N 109°55′28″E / 33.86805°N 109.92445°E / 33.86805; 109.92445
Shangluo (gul) si plassering i Shaanxi
Shangluo (gul) si plassering i Shaanxi
Shangluo (gul) si plassering i Shaanxi
Wikimedia Commons: Shangluo

Shangluo (kinesisk skrift 商洛, pinyin Shāngluò Shì) er eit byprefektur aust i den kinesiske provinsen Shaanxi. Prefekturet dekker eit areal på 19 292 km² og har om lag 2,34 millionar ibuarar. Det ligg i austdelen av fjellområdet Qinling.

Byprefekturet Shangluo omfattar eitt bydistrikt (区 ) og seks fylke (县 xiàn).

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai til ein grenseovergang til Kasakhstan. Vegen passerer mellom andre byane Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi.