Hopp til innhald

Sergej A. Makarov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sergej A. Makarov
Statsborgarskap Russland
Fødd 19. mars 1973 (51 år)
Podolsk
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Sergej Aleksandrovitsj Makarov[a] (fødd 19. mars 1973) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Podolsk som tevla i spydkast. Han vart verdsmeister i øvinga i 2003, og har dessutan eitt EM-sølv, to OL-bronsar og ein VM-bronse i premiesamlinga si. Hans personlege rekord er på 92,61 m. Aleksandr Makarov, som fekk OL-sølv i spydkast i 1980, er far hans.

Makarov fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under sommar-OL 1996, der han vart nummer seks. Året etter kleiv han ein plass opp på premiestigen i VM i friidrett, for så å klive endå eit steg opp i EM i friidrett den påfylgjande sesongen. I 2000 vann han OL-bronsen i spydkast, ein prestasjon han gjentok fire år seinare, under sommar-OL 2004 i Athen. Øvinga vart då vunnen av nordmannen Andreas Thorkildsen. I tida mellom dei to olympiadane hadde Makarov vunne EM-sølv i 2002, og vorte verdsmeister i spydkast 2003. Han vann si siste store meisterskapsmedalje då han fekk bronsen under friidretts-VM 2005 i Helsingfors.

Med ein personleg rekord på 92,61 ligg Makarov på tredjeplass på verdsstatistikken i spydkasting. Rekordkastet oppnådde han i Sheffield i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  1. Russisk skrift Сергей Александрович Макаров