Serge Akakpo
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Serge Ognadon Akakpo 1987 | ||
Fødd | 15. oktober 1987 | ||
Fødestad | Lomé | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar, høgreback | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Vaslui | ||
Nummer | 14 | ||
Ungdomsklubbar | |||
-2004 | Auxerre | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-08 2009- |
Auxerre Vaslui |
3 (0) 18 (2) | |
Landslag | |||
2008- | Togo | 10 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. april 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2009 |
Serge Akakpo (fødd 15. oktober 1987 i Lomé) er ein togolesisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Vaslui i den rumenske fotballigaen og for landslaget til Togo.
Akakpo begynte fotballkarrieren sin i fotballakademiet til Auxerre i Frankrike. Han debuterte for Auxerre sitt førstelag i juli 2007. Han fekk tre kampar for Auxerre før han gjekk gratis til Vaslui i den rumenske toppdivisjonen i januar 2009.
Akakpo spelte på U17- og U20-nivå for Frankrike sitt landslag, og deltok i U17-VM i 2004 for Frankrike. På A-landslagsnivå valde han å spela for Togo, og debuterte for dei 10. september 2008 i ein kamp mot Zambia. Han spelte fleire VM-kvalifiseringskampar for Togo til VM i 2010. Han vart òg teken med i troppen til Afrikameisterskapen i Angola i 2010. 8. januar 2010 vart Akakpo treft av to kuler i beinet då bussen til det togolesiske landslaget vart angripe av terroristar i Cabinda i Angola.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.