Selemdzja
Utsjånad
Selemdzja | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 69 000 km² | ||
Lengd | 647 km | ||
Munning | Zeja | ||
Selemdzja 52°26′25″N 134°36′10″E / 52.4404°N 134.6029°E | |||
Wikimedia Commons: Selemdzha River |
Selemdzja (russisk Селемджа) er ei elv i Amur oblast i Russland og ei av sideelvane til Zeja frå venstre. Ho har ei lengd på 647 km og eit nedslagsfelt på 69 000 km². I nedslagsfeltet ligg om lag 4500 innsjøar med eit samla areal på meir enn 270 km².
Dei største sideelvane hennar er Ulma og Nora. Elva frys til i november og er islagd til byrjinga av mai.
Det er mogeleg å driva skipsfart frå munningen og 325 km oppover elva.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Селемджа (река)» frå Wikipedia på russisk, den 16. oktober 2008.