Hopp til innhald

Sekundogenitur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sekundogenitur (av latin secundus, 'den andre', og genitus, 'fødd') er ein rett som det andrefødde barnet i ein familie har til visse eigedelar eller eigedommar, ofte som erstatting for at det meste av familieeigedommen går til den førstefødde (primogenitur) i staden for ein apanasje.

Ein har særleg nytta sekundogenitur for fyrstedøme som har gått i arv etter desse reglane, som Toscana i huset Habsburg-Lothringen etter at Frans I Stefan av Det tysk-romerske riket døydde i 1765.[1]

  1. «Tuscany as a Habsburg secundogeniture», Die Welt der Habsburger (på engelsk), henta 16. april 2021