Sawran
Sawran | |||
صوران | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Distrikt | A'zaz-distriktet | ||
Nahiyah | Sawran | ||
Koordinatar | 36°33′54″N 37°12′44″E / 36.56500°N 37.21222°E | ||
Folketal | 6 998 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Sawran 36°33′57″N 37°12′46″E / 36.565833333333°N 37.212777777778°E | |||
Kart som viser Sawran.
|
Sawran (òg skrive Suran, Soran eller Sawwaran) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 22 kilometer nord for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein A'zaz i vest, al-Harjalah i nord, Mare' i sør og Tell Rifaat i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sawran eit folketal på 6 988 i 2004.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sawran har ei historie som går attende til jarnalderen då han var ein arameisk busetnad i kongedømet Bit Adini kalla «Surunu». I eit felttog mot Bit Adini-kongen Ahuni, plyndra og erobra den nyassyriske kongen Shalmaneser III Surunu.[2] Han kom seinare under styret til den assyriske kongen Tiglath Pileser III.[3]
Under den bysantinske tida i Syria var Sawran busett av det arabiske folket Tanukh. Før den muslimske erobringa var han eit senter for arabiske kristne og består av eif befesta kloster. Tidleg i det islamske styret var Sawran ein del av Jund Qinnasrin («Military-distriktet Khalkis»), del av den større provinsen Bilad al-Sham.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sawran» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bryce, Trevor (2009). The Routledge Handbook of The People and Places of Ancient Western Asia: The Det nære austen from the Earky bronsealderen to the fall of persarane Empire. Routledge. ISBN 1134159080.
- Lipinsky, Edward (2000). Arameans: Their Ancient History, Culture, Religion. Peeters Publishers. ISBN 9042908599.
- Shahid, Irfan (2009). Byzantium and the arabarar in the Sixth Century, Part 2. Harvard University Press. ISBN 0884023478.