Santa Marta
Santa Marta | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land | Colombia | |
Mayor | Carlos Eduardo Caicedo Omar | |
Geografi | ||
Flatevidd | 293,65 km² | |
Flatevidd - By - Storbyområde |
55 km² 2394 km² | |
Innbyggjarar - By (2010) |
454 860 | |
Koordinatar | 11°14′31″N 74°12′19″W / 11.24194°N 74.20528°W | |
Høgd over havet | 15 - 340 m | |
Tidssone | EST (UTC-5) (UTC) | |
Diverse anna | ||
Telefon-retningsnummer | 57 + 5 | |
Heimeside: http://www.santamarta-magdalena.gov.co/ | ||
Nettstad: www.santamarta-magdalena.gov.co | ||
Plassering | ||
Santa Marta er hovudstaden i Magdalena-departementet i Colombia og tredje største urbane senter i den karibiske regionen av Colombia, etter Barranquilla og Cartagena. Han blei stifta den 29. juli 1525 av den spanske conquistador Rodrigo de Bastidas, som første spanske busetjinga i Colombia, og er den eldste verna byen i landet. Døgnmiddeltemperaturen i området er ca. 28 °C.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]- Historie
På grunn av kombinasjonar av tropisk vêr, monalege nedbørsmengder, og øydelegging og feiltolking av mange nedskrivingar frå spanske conquistadorane, har vi berre ei avgrensa forståinga av samfunna i denne regionen før europearane kom.
Tairona-folket danna middels til store bustadsentra, med steinvegar, terrassar, verna farvatn, og tileigna plass for landbruksprodukt. Landbruket var det som først og fremst sytte for økonomien deira, med produkt som mais, ananas, yucca, og andre lokale matvarer. Tayrona var trudd å vere ganske avansert for sin tidsperiode. Overlevande arkeologiske stader syner terrassar og småskala steinkanalar under bakken. Dei var òg kjente for aktivt å samle inn og handsame salt, som var ein betydeleg handelsvare. Vi veit at dei handla med andre urfolksgrupper langs kysten og i innlandet. Arkeologiske utgravingar har gjenvunne monalege verk gjort i keramikk, murverk og gull.
- Geografi
Santa Marta ligg i bukta i Santa Marta ved Det karibiske havet i Magdalena-departementet. Dette er 992 kilometer frå Bogotá og 93 kilometer frå Barranquilla. Byen er avgrensa mot nord og vest av Karibia og i sør av kommunane Aracataca og Ciénaga.
- Infrastruktur
Santa Marta er ein viktig hamneby. Simón Bolívar International Airport ligg 16 kilometer frå bysenteret. Ein kan merke seg at den vidgjetne latinamerikanske helten, Simon Bolivar døydde her. Bustaden hans er kjent som 'La Quinta de San Pedro Alejandrino' og ligg like utanfor bysenteret. Sjølv om senteret for byen ligg ut mot havet, har byen hatt problem med å kontrollere byekspansjonen.
-
Villaen til Simon Bolivar i Santa Marta
-
Rodrigo Bastidas-monumentet
-
Frå Tayrona nasjonalpark
-
Fyret i Santa Marta-bukta
-
Rodadero, Santa Marta.
-
Solnedgang frå Irotama friluftsstad
-
Hamna i Santa Marta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Santa Marta» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2015.
- Referansar