Samanta Tīna
Samanta Tīna | |||
| |||
Fødd | 31. mars 1989 (35 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tukums | ||
Fødenamn | Samanta Poļakova, uttalt [ˈsamanta ˈpuɔlʲakova] | ||
Opphav | Latvia | ||
Aktiv | 2010– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, forretningsdrivande |
Samanta Poļakova (fødd 31. mars 1989), betre kjend under artistnamnet Samanta Tīna, er ein latvisk songar. Etter å ha delteke i ei rekkje nasjonale songtevlingar, vann Tīna tevlinga Supernova i 2020 og skulle ha representert Latvia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Still Breathing». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Tīna skal i staden representera Latvia i Eurovision Song Contest 2021 med låten «The Moon Is Rising».[2]
Tīna har òg delteke i den litauiske uttakinga i 2013 og 2017, og i den litauiske utgåva av The Voice.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Tīna vart fødd i Tukums i Den latviske sosialistiske sovjetrepublikken, dagens Latvia. Som 21-åring i 2010 vann Tīna det latviske musikkprogrammet O!Kartast akadēmija, der premien var skulegang ved British and Irish Modern Music Institute i London i England.[3] I 2011 deltok ho òg i den moldovske songtevlinga Golden Voices og vann i klassa Moldovan Cup.[4]
I 2012 deltok Tīna i songtevlinga Slavianski Bazaar i Vitebsk i konkurranse med 20 andre. Ho enda til slutt på andreplass i tevlinga. Same år deltok ho i den latviske songtevlinga Eirodziesma med songen «I Want You Back» saman med Dāvids Kalandija.[5] Ho deltok òg med ein annan song, men nådde ikkje finalen. «I Want You Back» enda til slutt på andreplass bak Anmary og «Beautiful Song». Året etter deltok Tīna på ny med songen «I Need a Hero».[6] Også denne gongen enda ho på andreplass, bak bandet PeR.[7] Same år deltok ho òg i den litauiske finalen med songen «Hey Chiki-Mama».
I 2014 deltok Tīna på ny i Dziesma med «Stay», og ho enda til slutt på tredjeplass i tevlinga.[8][9] Same haust deltok ho i den tredje sesongen av Lietuvos balsas, den litauiske versjonen av The Voice. Sidan Tīna ikkje er litauisk, snakka ho med dommarane på russisk. Ho enda til slutt på topp 8.
I 2016 var Tīna ein av deltakarane i Supernova 2016 med to songar, og året etter deltok ho i den litauiske finalen med «Tavo oda».[10][11] Ho vart slått ut før finalerunden i begge tevlingane.
Eurovision Song Contest 2020
[endre | endre wikiteksten]Hausten 2019 sende Tīna inn songen «Still Breathing» til Supernova 2020, og ho nådde finalen 8. februar 2020.[12] Denne gongen vann ho tevlinga, og skulle dimed ha representert Latvia i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland i mai 2020.[13] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[14]
Eurovision Song Contest 2021
[endre | endre wikiteksten]Som følgje av avlysinga av Eurovision Song Contest 2020, kunngjorde kringkastaren Latvijas Televīzija at Tīna i staden skulle få representere Latvia i Eurovision Song Contest 2021.[2] Songen hennar «The Moon Is Rising» vart lansert 12. mars 2021, og skulle deltake i den andre semfinalen torsdag 20. mai i Rotterdam i Nederland.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Samanta Tīna - Latvia — Rotterdam 2020». Henta 18. mai 2020.
- ↑ «"O!Kartes akadēmijā" uzvar Samanta Tīna» (på latvisk). Kasjauns.lv. Henta 30. januar 2013.
- ↑ mango.lv (8. mars 2011). «Samanta Tīna izcīna "Moldovas kausu"» (på latvisk). Henta 9. februar 2020.
- ↑ Webb, Glen (30. august 2011). «Latvia revamps national selection rules for 2012». Eurovision.tv. Henta 30. august 2011.
- ↑ Webb, Glenn (15. januar 2013). «Latvia: Line up and songs released for Eirodziesma 2013». Eurovision.tv.
- ↑ Brey, Marco (16. februar 2013). «Latvia chooses PeR for Malmö». Eurovision.tv.
- ↑ Roxburgh, Gordon (1. februar 2014). «First six qualifiers through to Latvian Final». Eurovision.tv. Henta 1. februar 2014.
- ↑ Mikheev, Andy (23. februar 2014). «Eurovision 2014 — Aarzemnieki (Latvia / Латвия)». ESCKAZ.
- ↑ Roxburgh, Gordon (31. januar 2016). «20 songs in Latvian line up revealed». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 31. januar 2016.
- ↑ Granger, Anthony. «LITHUANIA: EUROVIZIJOS NATIONAL FINAL ON MARCH 11». Eurovoix. Eurovoix. Henta 1. januar 2017.
- ↑ «9 artists and songs remain in the race for Latvia». Eurovision Song Contest. 16. januar 2020.
- ↑ «Latvia chooses Samanta Tīna for Eurovision 2020». Eurovision.tv (på engelsk). 8. februar 2020. Henta 8. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Samanta Tīna» frå Wikipedia på bokmål, den 8. april 2021.