Hopp til innhald

Sakakah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sakakah
سكاكا
by
Land  Saudi-Arabia
Provins Al Jawf
Høgd 566 moh.
Koordinatar 29°58′11″N 040°12′00″E / 29.96972°N 40.20000°E / 29.96972; 40.20000
Areal 100 km²
Folketal 242 813  (2010)[1]
Folketettleik 2 428 / km²
Kart
Sakakah
29°58′11″N 40°12′00″E / 29.969722222222°N 40.2°E / 29.969722222222; 40.2
Kart som viser Sakakah.
Kart som viser Sakakah.
Kart som viser Sakakah.

Sakakah (arabisk سكاكا) er ein oaseby nordvest i Saudi-Arabia og er hovudstaden i Al Jawf-regionen. Han ligg like nord for An Nafud-ørkenen. Sakakah hadde eit folketal på 242 813 i 2010.[1][2]

Al-Jawf har rikt med vatn som gjer det mogeleg å dyrke dadlar (200 000 palmar) og oliven (12 000 000 tre), i tillegg til andre jordbruksprodukt. talet på gardar er kring 16 000, og jordbruksprosjekta kring 1 500. Her ligg Watania-gardane,[3] den største organiske garden i kongedømet. Det frodige jordbruksområdet i Al-Jawf kjem hovudsakleg av store mengder undergrunnsvatn.

Historiske palass

[endre | endre wikiteksten]

Historia til Al-Jawf strekkjer seg meir enn fire tusen år attende. Her finst mange historiske og førhistoriske stader, som Za'balborga- og brunnen, Omar ibn Al-Khattab-moskeen i Dowmat Al-Jandal og Mardborga (like sør for Sakaka). Her finst òg dei gamle ståande steinane Rajajil i Sakaka, som er datert nesten 6 000 år attende.

Modernisering

[endre | endre wikiteksten]

Mange område i Saudi-Arabia slit med utvikling og modernisering utført på kort tid. I nyare år har den saudiarabiske staten pøst pengar inn i regionen Al-Jawf, og særleg Sakaka, for å utvikle den økonomiske stagnerte regionen. Byen er derfor full av nye, statlege bygg, skular og sjukehus. Her ligg mellom anna Al Jouf universitet (Jami'at Al-Jawf), som vart skipa i 2005.[4]

Köppen-Geiger si klimaklassifisering klassifiserer klimaet som varm ørken (BWh).[5]

Vêrdata for Sakaka
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks ��C 15,5 18,8 23,4 29,3 34,2 37,8 39,4 39,4 38,1 32,6 23,2 17,3 29,1
Døgnmiddeltemperatur °C 9,7 12,6 16,7 22,6 27,5 31 32,9 32,8 31 25,5 17,2 11,2 22,6
Gjennomsnittleg min °C 4 6,5 10 15,9 20,8 24,2 26,4 26,2 23,9 18,4 11,2 5,2 16,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 11 4 9 13 0 2 0 0 0 10 6 9 64
Kjelde: Climate-Data.org (høgd: 550m)[5]


  1. 1,0 1,1 «Saudi-Arabia: Sakaka». Geohive. 
  2. Taher, Mohamed (1998). Encyclopaedic Survey of islamic Culture. Anmol Publications. ISBN 81-261-0403-1. 
  3. Watania Farms
  4. University of Al-Jouf
  5. 5,0 5,1 «Climate: Sakaka - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 28. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]