Sølje




Sølje eller sylje er ein type smykke, brystnål, brosje, som høyrer til norske folkedrakter og bunader, laga av sølv eller gylt sølv, eventuelt av messing eller tinn, og vert rekna som det viktigaste av smykka på bunaden. Eit viktig kjenneteikn ved sølja er søljelauvet, som er nokre eller eit stort tal små, sirkulære metallblad festa slik at kvar og ein av dei kan røre på seg. Dei mest komplekse søljene kan vere sett saman av fleire hundre smådelar. Søljer er elles laga som spenner som vert festa til tøyet med nål, og kan såleis nyttast til å lukke eller feste kleda med.
Ordet sølje vert i somme høve òg nytta om ein type beltespenner.
Nokre av dei vanlegaste hovudtypane av søljer
[endre | endre wikiteksten]Mange typar og variantar av søljer har vore i bruk. Dei fleste har vore brukt både med og uten hengande lauv.
-
Bolesølje med filigran, ei sølje med «boler», opphøgde ringar festa i krins på ei botnplate, gylt sølv, datert 1914 og laga av Eivind G. Tveiten i Lårdal, Telemark. Stempla «E.G. TVEITEN/830 S». Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF. 1968-0744.
-
Bursring, ei sølje forma som ein brei, oppkuva ring i sølv, innkjøpt av Norsk Folkemuseum i 1874 i Sunndal i Møre og Romsdal. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1993-0944.
-
Hornring, ei sølje av tjukk tråd forma som ein ring med to vertikale sider eller «horn», i gylt sølv frå Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1906-1542
-
Erlandssølje, filigransarbeid i sølv, namngjeve etter sølvsmeden Søren Erland, innkjøpt i 1878 i Øystre Slidre, Oppland. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1994-0097.
-
Glibbsølje (sølje med masker, vert òg kalla andletsølje eller biletsølje) av gylt sølv frå Kvam i Hordaland. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum. NF.1998-0131.
-
Hjartasølje, støypt sølje i sølv forma som ein hjarta. frå Heddal i Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt /Norsk Folkemuseum, NF.1996-0308.
-
Hornring i sølv med ryttar- og løvefigur frå Lyngdal i Vest-Agder. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1897-0314.
-
Rosesølje, støypt og forgylt sølje i sølv med seks nyre- eller kringleforma figurer i ring, frå Valle i Aust-Agder. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1911-0684.
-
Skjortering eller halsring i sølv, ein enkel ring eller sølje brukt av menn, kvinner og born til å halde skjorta eller serken saman i halsen, frå Eggedal Buskerud. Foto: Anne-Lise Reinsfelt /Norsk Folkemuseum, NF. 1914-0316E.
-
Slangesølje, ei sirkulær sølje med seks bogar mellom to ringar på ei gjennombroten botn, i sølv med filigran, frå Seljord i Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1994-0111.
-
Skålsølje, ei støypt sølje med heil botnplate, der runde skåler er det dominerande dekorelementet, i forgylt sølv med filigran, innkjøpt i 1896 i Bygland i Aust-Agder. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1896-1914.
-
Sporesølje, ei sølje med ridesporeliknande takkar ut frå ein ring, i gylt sølv, frå Gol i Buskerud. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1909-0349.
-
Tindesølje eller taggesølje, ei rund sølje med utståande tindar eller taggar, i støypt sølv og forgylt, frå Valle i Aust-Agder. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1897-0055.
-
Trandeimsølje i forgylt sølv, ei sølje der heile botnplata er dekt av filigransranker. Opphavet til nemninga trandeimsølje er ukjend. Frå Vinje i Telemark. Foto: Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1918-0081.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Berge, Rikard. 1925. Norskt bondesylv. Risør. Opptrykk utgjeve av Noregs Boklag 1975. ISBN 82 522 0102 4
- Fossberg, Jorunn. 1991. Draktsølv. Universitetsforlaget. ISBN 82-00-07340-8
- Fossberg, Jorunn. 1971. Smykker: Middelalder, i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, band 16, spalte 278-286. Oslo.
- Hegstad, Leiv. 1930. Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Oslo.
- Noss, Aagot. 1986. Draktsølvet frå DEN NORSKE SAMLINGA, NORDISKA MUSEET STOCKHOLM. Norsk Folkemuseum, Oslo.
- Noss, Aagot. 1970. «Sylvsmeden Eivind G. Tveiten.» I Norsk Folkemuseumsårbok, By og bygd nr 22, s.11-52, Oslo. (Òg publisert som vedlegg i opptrykk av Rikard Berge: Norsk bondesylv, 1975.)