Sándor Weöres
Sándor Weöres | |
Fødenamn | Sándor Weöres Szombathely |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 22. juni 1913 Szombathely |
Død |
22. januar 1989 (75 år) |
Yrke | Diktar |
Språk | ungarsk |
Ektefelle | Amy Károlyi |
Sándor Weöres på Commons |
Sándor Weöres (22. juni 1913–22. januar 1989) var ein ungarsk lyrikar.
Han debuterte i 1934. Lyrikken hans er prega av ein stadig søken etter nye uttrykksformer og -midlar. Han har et rikt diktarisk register som strekker seg frå folkedikting til mytologi. Eit av dei viktigaste verka hans, Håpløshetens bok, skriven i krigsåra, er prega av pessimisme og humanisme. I den stalinistiske kulturperioden vart han stempla som «borgarleg» og trengt ut av det litterære livet. I 1956 kom diktutvalet Stillhetens tårn, som markerte stillinga hans innan moderne ungarsk lyrikk og danna grunnlaget for den store påverknaden han hadde på dei yngre diktargenerasjonane. Seinare kom ytterlegare to samlingar, Ildbrønnen (1964) og Synkende Saturn (1968).
Norske gjendiktingar finst i antologien Moderne ungarsk lyrikk (1975) og i Hvisking i mørket (1977).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Sándor_Weöres» i Store norske leksikon, snl.no.