Hopp til innhald

Runcorn

Koordinatar: 53°20′N 2°43′W / 53.333°N 2.717°W / 53.333; -2.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Runcorn

Silver Jubilee Bridge i Runcorn
Silver Jubilee Bridge i Runcorn
Silver Jubilee Bridge i Runcorn
Plassering
Runcorn is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cheshire
Distrikt Halton
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2009)

61 500
Koordinatar 53°20′N 2°43′W / 53.333°N 2.717°W / 53.333; -2.717
Diverse annan informasjon
Postnummer WA7
Telefon-retningsnummer 01928
Commons har multimedium som gjeld: Runcorn

Runcorn er ein industriby i distriktet Halton i Cheshire i England I 2009 vart folketalet estimert til 61 500.[1] Byen ligg på sørsida av elva Mersey der estuaret smalnar til og dannar Runcorn Gap. Like på andre sida av Mersey ligg byen Widnes. 12 km oppover elva mot nordaust ligg Warrington og 26 km mot vest ligg byen Liverpool.

Runcorn jernbanestasjon ligg på ei grein av West Coast Main Line. Han har faste samband til London, Liverpool og Birmingham. Vegen A533 går gjennom byen og kryssar Runcorn Gap over Silver Jubilee Bridge, den siste bruovergangen over Mersey før munningen hennar. Manchester Ship Canal går mellom byen og Mersey og Bridgewater Canal passerer gjennom eine enden av byen.

Runcorn vart grunnlagd av Ethelfleda i år 915 som ein festning til vern mot vikingar der elva Mersey smalna til.[2] Under normannarstyret høyrde Runcorn til baroniet Halton. I 1115 vart det skipa eit augustinarkloster på staden.[3]

Runcorn var ein liten, isolert landsby fram til den industrielle revolusjonen. Det var ein kurstad seint på 1700- og tidleg på 1800-talet. Mot slutten av 1700-talet byrja det å utvikle seg ei hamn på sørsida av Mersey. På 1800-talet vart det utvikla industriar innan såpe og alkalisk stoff, steinbrot, skipsbygging, ingeniørvitskap og garveri. Tidleg på 1900-talet var hovudnæringane kjemikaliar og garving. Den opphavlege landsbyen har vokse og innlemma andre landsbyar. Ein ny by vart bygd aust for den eksisterande byen i 1960- og 1970-åra og fleire bustadområde er oppretta.

Fotnotar

  1. Halton Population, Halton Borough Council, henta 13. juli 2011 
  2. Nickson 1887, s. 6–13.
  3. Greene 1989, s. 1–9.

Bibliografi

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Runcorn