Romain Mesnil
Romain Mesnil | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 13. juni 1977 (47 år) Le Plessis-Bouchard |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Romain Mesnil (fødd 13. juni 1977) er ein fransk tidlegare stavhoppar frå Le Plessis-Bouchard. Han vann to VM-sølv og eitt EM-sølv i øvinga i tida 2006-09.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Mesnil sette personbeste sommaren 1998 med 5,80 meter, den 1. august 1999 svinga han seg over 5,93 m under eit stemne i Göteborg. I dei internasjonale meisterskapane utandørs lukkast han derimot ikkje før enn ved VM 2001, der han med årsbestehopp på 5,85 m vart nummer fem. Den 5. august 2003 gjorde han sitt livs beste stavhopp då han klarte 5,95 meter i Castres i heimlandet.
Dei svake meisterskaps-prestasjonane heldt fram, fyrst i EM 2006 lukkast Mesnil melde seg på i medaljestriden. Under vanskelege tilhøve i Göteborg tok han seg over 5,65 m i fyrste forsøk, noko som gav han sølvmedalje, ein medaljeplass han delte med Tim Lobinger frå Tyskland. Året etter presterte Mesnil årsbeste ved verdsmeisterskapen i Osaka, der han lukkast i sitt andre forsøk på 5,86 m og tok sølvmedalje, Brad Walker frå USA tok høgda i fyrste forsøk og vart verdsmeister. Også under VM 2009 i Berlin gjorde Mesnil årsbeste og vann sølv, då med 5,85 meter, Steven Hooker frå Australia vann tevlinga med 5,90 m.
Mesnil vart fransk meister i stavhopp sju gongar i tida 1998-2011. Han la opp i 2013.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1998 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa (0)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 12 (5,70 m i kvalifiseringa)
- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (5,40 m=nr 31)
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 – 5,85 m
- EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (0)
- VM 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (0)
- OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (5,65 m=nr 18)
- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 5,65 m, bakom Aleksandr Averbukh (5,70 m)
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 5,86 m, bak Brad Walker (5,86 m)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (5,55 m=nr 14)
- VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje – 5,85 m, bakom Steven Hooker (5,90 m)
- EM 2010 i Barcelona: Nr 8 – 5,60 m
- VM 2011 i Daegu: Nr 15 (5,65 m i kvalifiseringa)
- EM 2012 i Helsinki: Utslått i kvalfiseringa (0)
- OL 2012 i London: Nr 10 – 5,50 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Romain Mesnil» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2019.