Reidar Lyseth
Reidar Lyseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1904 Trondheim |
Død | |
Yrke | politikar, journalist, redaktør, offentleg tenestemann, idrettsleder, idrettsutøvar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti |
Reidar Andreas Lyseth (14. juli 1904–1. mars 1987) var ein norsk journalist politikar og tenestemann frå Trondheim, som i tida 1950-57 var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Lyseth arbeidde ved eit trelastkontor frå 1921 til -29. Dei neste sju åra var han sportsjournalist i Ny Tid, ei avis som kom ut i Trondheim. Frå 1936 var han journalist i Arbeider-Avisa, der han var idrettsredaktør 1945–50. I tillegg var han reisesekretær i Arbeidernes Idrettsforbund 1937–40. Under andre verdskrigen vart han fengsla av NS-styret og sat i tysk fangenskap. I 1957 fekk han stillinga som sosialrådmann i Trondheim kommune, eit arbeid han hadde til han gjekk for aldersgrensa i 1974.
Lysbeth var medlem av Trondheim bystyre 1931–34 og 1945–54. Han var styremedlem 1938-39 i Arbeidernes Idrettsforbund og 1946-57 i Norges Idrettsforbund. Åra 1952-57 tok han også på seg ekstrajobben å vere redaktør for organisasjonsbladet Norsk idrett. I tida 1960-62 var han president i Norges Handicapidrettsforbund. Elles var han styreformann i Trondheim Sporvei 1948–51 og ved Trondhjems Hospital 1957–76. Perioden 1863-72 var styreformann ved Sentralsykehuset i Trondheim.
Lyseth representerte valkrinsen Trondheim og Levanger på Stortinget valbolken 1950–1953, der han var sekretær i Protokollkomiteen. I den neste valbolken, 1954-57, vart han vald frå Sør-Trøndelag, han var då sekretær i Samferdslekomiteen.