Hopp til innhald

Raudknapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raudknapp
Raudknapp
Raudknapp
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Dipsacales
Familie: Kaprifolfamilien Caprifoliaceae
Slekt: Knautia
Art: Raudknapp K. arvensis
Vitskapleg namn
Knautia arvensis

Raudknapp (Knautia arvensis) er ei fleirårig plante i kardeborrefamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia.

Raudknapp

Planta er kring 60 cm høg, med stivhåra stengel og mjuklodne grågrøne blad, som stundom er heile, men oftast buktfinna. Ho har raudfiolette blomstrar, med lang lepe på blomstrane ytst i korga. Korga er flat og om lag 3 cm brei.

Raudknapp blømer kring juni månad i turre bakkar. Ho veks i Noreg nord til Troms, i Finnmark på avfallsplassar. Arten er funnen opp til 1217 meter over havet på Hardangervidda.

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]