Ramnefjellfossen
Utsjånad
Ramnefjellfossen | |||
foss | |||
Ramnefjellfossen i Ramnefjellet
Foto: Sindre Jacobsen | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Stryn | ||
Fossetype | Hestehale, kaskade | ||
Elv | Utigardselva | ||
Totalt fall | 818 m | ||
• Lengste fall | 600 m | ||
• Midla breidd | 23 m | ||
Tal på fall | 3 | ||
Status | Ikkje regulert | ||
Verdsrangering | 12. høgaste i verda. | ||
Ramnefjellfossen 61°47′22″N 6°58′00″E / 61.78941°N 6.96664°E | |||
Wikimedia Commons: Ramnefjellsfossen |
Ramnefjellfossen (òg kalla Utigardsfossen eller Utigordsfossen) er den fjerde høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg ved Nesdal i Stryn kommune i Vestland. Fossen er ein del av Utigardselva som renn ned frå Ramnefjellbreen like ovanfor. Fossen får derfor jamn tilførsel av vatn, men har ikkje større volum enn at han ikkje har vorte utbygd for vasskraftproduksjon.
Fossen har eit totalt fall på 818 meter, fordelt på tre fall. Det lengste fallet er om lag 600 meter, noko som stundom vert oppgjeve som den totale høgda på fossen. Det totale fallet inneheld både kaskadefallet frå enden av Ramnefjellbreen og kaskadefallet nedanfor hovudfallet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete av Ramnefjellsfossen Arkivert 2006-04-10 ved Wayback Machine.
- Nærbilete av Ramnefjellfossen[daud lenkje]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ramnefjellfossen på World Waterfall Database Arkivert 2010-01-05 ved Wayback Machine.