Hopp til innhald

Ragnar Hoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnar Hoen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1940
Oslo
Død 6. juli 2019 (78 år)
Idrett sjakk
Tok del i Sjakk-OL 1960, Sjakk-OL 1962, Sjakk-OL 1964, Sjakk-OL 1966, Sjakk-OL 1968, Sjakk-OL 1970, Sjakk-OL 1972, Sjakk-OL 1974, Sjakk-OL 1976, Sjakk-OL 1978, Sjakk-OL 1980, Sjakk-OL 1982

Ragnar Harald Hoen (5. oktober 19406. juli 2019) var ein norsk sjakkspelar. Han vart Noregsmeister i sjakk tre gongar, i 1963, 1978 og 1981.[1], og vann den nordiske meisterskapen i sjakk i 1967[2].

Ragnar Hoen vart utnemnd til tittelen FM (FIDE-meister i sjakk) av Verdssjakkforbundet FIDE.

Han har vore på det norske landslaget i sjakk-olympiaden (VM for landslag) heile 12 gongar, alle sjakk-OL frå 1960 til 1982, av dette fem gongar også som lagleiar.[3][4]

Ragnar Hoen vann seniorklassa i NM i sjakk, aldersklassa for dei som er over 60 år kvart år frå 2002 til 2008, 7 år på rad, og deretter også i 2011.[5]

Ragnar Hoen var heile 17 gongar med på å vinne NM i sjakk for klubblag for Oslo Schakselskap sitt lag.[6]

Ragnar Hoen var onkel til høgdehopparen Steinar Hoen.

  1. Brekke, s. 104 og 106
  2. Brekke, s. 118
  3. www.olimpbase.org
  4. Brekke, s.112-113
  5. Brekke 2014 s. 302-305
  6. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 16

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]