Róbert Fazekas
Róbert Fazekas | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 18. august 1975 (49 år) Szombathely |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 193 centimeter |
Róbert Fazekas (fødd 18. august 1975) er ein ungarsk friidrettsutøvar frå Szombathely. Han tevla i diskoskast og vart europameister i øvinga under EM i München i 2002 og tok sølvmedalje i VM i Paris i 2003. Fazekas vart utestengd frå idretten for brot på dopingreglane 2004-07 og på ny frå 2012 til 2020.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Fazekas vart i 1998 nummer fire i europameisterskapen i Budapest. Den 29. august 1998 forbetra han i heimbyen Szombathely sin personlege rekord med over seks meter til 66,61 m. I VM i friidrett 1999 i Sevilla kom han 11. plass. Under sommarleikane 2000 i Sydney vart han slått ut i kvalfiseringa. I 2001-sesongen forbetra han sitt personbeste til 68,09 meter, men var langt unna slike lengde i kvalifiseringa under VM i Edmonton og vart slått ut.
Prestasjonane til Fazekas eksploderte i 2002. Han deltok i 18 tevlingar, og vann 16 av dei. I europameisterskapen i München vann Fazekas gullmedaljen framom olympiameisteren Virgilijus Alekna frå Litauen og tyskaren Michael Möllenbeck. Året etter vart resultatlista omsnudd under VM i friidrett 2003 i Paris, Alekna tok gullet og Fazekas fekk sølv.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Sommaren 2004 vann Fazekas diskosøvinga både under Super-Grand-Prix-stemnet i Madrid og Weltklasse Zürich; til OL i Aten reiste han som den største favoritten i diskoskast. I den olympiske finalen 23. august 2004 slengde Fazekas diskosen heile 70,93 meter i den andre omgangen, 1,53 meter over den åtte år gamle olympiarekorden til Lars Riedel. Med det lengste kastet i tevlinga hadde han tilsynelatande sikra seg OL-gullet, men vart i staden diskvalifisert då han ikkje var i stand til å avlegge ein urintest. Han vart så utestengd frå aktiv idrett i tre år.
Fazekas gjorde comeback i diskosringen i 2008. Han kvalifiserte seg for dei olympiske leikane i Beijing, der han vart nummer åtte.
Tett opp under dei olympiske sommarleikane i London 2012 vart Fazekas teken med ein positiv dopingprøve med Stanozolol. Han vart deretter utestengd frå idretten i åtte år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1998 i Budapest: Nr 4 – 65,13 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 11 – 61,71 m
- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (61,76 m - nr 16)
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (53,73 m)
- EM 2002 i München: Gullmedalje – 68,83 m, framom Virgilijus Alekna (66,62 m)
- VM i 2003 i Paris: Sølvmedalje – 69,01 m, bakom Virgilijus Alekna (69,69 m)
- OL 2004 i Athen: (70,93 m) - diskvalifisert
- OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 63,43 m
- EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 66,43 m
- VM 2011 i Daegu: Uplassert
Fazekas har ein personleg rekord i diskoskasting på 71,70 meter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Róbert Fazekas» (på engelsk). Sports-Reference. Arkivert frå originalen 3. desember 2016. Henta 11. februar 2017.
- (en) Róbert Fazekas – Profil på nettsida til IAAF
- Denne artikkelen bygger på «Róbert Fazekas» frå Wikipedia på tysk, den 10. september 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1975
- Ungarske diskoskastarar
- Europameistrar i friidrett for Ungarn
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Ungarske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Deltakarar under EM i friidrett 1998
- Deltakarar under VM i friidrett 1999
- Deltakarar under VM i friidrett 2001
- Deltakarar under EM i friidrett 2002
- Deltakarar under VM i friidrett 2003
- Deltakarar under EM i friidrett 2010
- Deltakarar under VM i friidrett 2011