Quantum Key
Quantum Key Studioalbum av Tangerine Dream | ||
Utgjeve | 20. november 2015 | |
Innspelt | 2015 | |
Studio | Eastgate Studios (Wien), Townend Studio (Berlin) | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:50 | |
Selskap | Eastgate | |
Produsent | Bianca Froese-Acquaye | |
Tangerine Dream-kronologi | ||
---|---|---|
Supernormal - The Australian Concerts 2014 (2015) |
Quantum Key | Light Flux (2017)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Record Collector | [1] |
Babyblaue-Seiten | 11/15[2] |
Quantum Key er det 149. albumet totalt og det 64. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i november 2015.[3]
Dette er den niande plata i ein serie omtalt som «cupdiscs», der lengda er kring 40 minutt, som er typisk for lengda på ei LP-plate. Platene kom i eit enkelt pappomslag i staden for det vanlege CD-omslaget i plast. Så langt består serien av 11 plater.
Quantum Key er det første albumet med musikk spelt inn etter at Edgar Froese døydde i januar 2015. Likevel er dei første tre av dei fire spora på albumet skriven av Edgar Froese, medan det siste er komponert av Thorsten Quaeschning og Ulrich Schnauss. Froese er òg oppført som musikar, dermed kan det vere at bandet alt arbeidde på desse komposisjonane då Froese uventa døydde, eller at dei er baserte på skisser han let att etter seg. Hoshiko Yamane spelar fiolin på alle dei fire spora.[3]
Produsent på plata er manageren til bandet og enkja etter Froese, Bianca Froese-Acquaye.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Genesis of Precious Thoughts» | 9:13 |
2. | «Electron Bonfire» | 5:05 |
3. | «Drowning in Universes» | 11:07 |
4. | «Mirage of Reality» | 7:25 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Tangerine Dream
- Edgar Froese – synthesizer, gitar
- Thorsten Quaeschning – musikalsk leiar, synthesizer, gitar, steel-trommer, bassgitar
- Ulrich Schnauss – synthesizer, sequencer
- Hoshiko Yamane – fiolin
Teknisk
- Bianca Froese-Acquaye – plateprodusent
- Birgir Jón Birgisson – mastering
- Katja Zerull – printing
- Ian Laidlaw – bandfotografi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Abraham, Ian. «Record Collector». Record Collector. Henta 24. juli 2020.
- ↑ Rode, Christian. «Babyblaue-Seiten». Babyblaue-Seiten. Henta 24. juli 2020.
- ↑ 3,0 3,1 «Quantum Key». Voices in the Net. Henta 24. juli 2020.