Putian
Utsjånad
Putian (kinesisk skrift 莆田, pinyin Pútián) er eit byprefektur i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina, ved Austkinahavet. Byprefekturet har eit areal på 3 928 km², folketalet vart berekna til 2,86 millionar i 2009.
Byprefekturet Putian omfattar tre distrikt (区 qū) og eittfylke (县 xiàn).
Næring
[endre | endre wikiteksten]Byen er særleg kjend for sin skoproduksjon. Andre viktige næringar omfattar brygging, elektronikk, klede, frukt, grønsaker og maskiner, elektriske varer. Putian har vorte ein eksportbase for sko og for andre Fujian-produserte varer.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 324 i Kina fører gjennom området. Han går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Putian» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Putian» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2012.