Hopp til innhald

Provinsen Ourense

Koordinatar: 42°10′N 7°30′W / 42.167°N 7.500°W / 42.167; -7.500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Ourense

Ourense (Orensespansk) er ein provins nordvest i Spania, søraust i den autonome regionen Galicia. Han grensar til provinsane Pontevedra, Lugo og León og Zamora, samt Portugal i sør. Provinsen har eit areal på 7 278 km² og er den einaste provinsen i Galicia som ikkje har kyst.

Provinsen har om lag 350 000 innbyggjarar og ein tredjedel av desse bur i provinshovudstaden Ourense. Det er 92 kommunar i provinsen og andre viktige byar er Verín, Ribadavia, Allariz, A Rua, Carballiño, Viana do Bolo og Xinzo de Limia.

42°10′N 7°30′W / 42.167°N 7.500°W / 42.167; -7.500