Provinsen Groningen
Groningen | |||
Provincie Groningen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Groningen | ||
Areal | 2 960,0 km² | ||
Folketal | 582 728 (31. desember 2013)[1] | ||
Groningen 53°15′29″N 6°44′16″E / 53.258055555556°N 6.7377777777778°E | |||
Kart som viser Provinsen Groningen.
| |||
Wikimedia Commons: Groningen (province) |
Groningen (groningsk Grönnen) er den nordaustlegaste provinsen i Nederland. I aust grensar han til Tyskland og delstaten Niedersachsen, i sør til Drenthe, i vest til Friesland og i nord til Vadehavet. Groningen er stort sett ein jordbruksprovins og har store naturgassfelt nær Slochteren. Aust-Groningen var åstad for ein hard klassekamp på 1800- og 1900-talet, og Groningen har òg den einaste kommunen (Beerta) der det nederlandske kommunistpartiet har hatt ein borgarmeister. Administrasjonsstad i provinsen er byen Groningen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg var provinsen del av Friesland og vart så ein del av Frankarriket rundt 785. Karl den store let Ludger ta styringa over kristninga av dette området. På 1000-talet var byen Groningen ein landsby i Drenthe som var underlagt biskopen av Utrecht, medan det meste av provinsen var underlagt bispedømet Münster. I mellomalderen var sentralmakta langt under og Groningen fungerte som ein bystat og hadde stor påverknad på det omliggande Ommelanden. Rundt 1500 gav Maximilian I av Det tysk-romerske riket Groningen og Friesland til Albert av Sachsen, som aldri klarte å opprette permanent kontroll. I 1514/15 kom Groningen under hertugdømet Geldern, og i 1536 under Habsburgsk Nederland. I 1594 vart Groningen erobra av Dei sameinte Nederlanda og vart verande ein del av denne nasjonen etter dette.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]- Appingedam
- Bedum
- De Marne
- Delfzijl
- Eemsmond
- Groningen
- Grootegast
- Haren
- Leek
- Loppersum
- Marum
- Midden-Groningen
- Oldambt
- Pekela
- Stadskanaal
- Ten Boer
- Veendam
- Westerwolde
- Winsum
- Zuidhorn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Groningen (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2008.