Hopp til innhald

Polarsymjesnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polarsymjesnipa)
Polarsymjesnipe
Polarsymjesnipe
Polarsymjesnipe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Hekkeområdet for polarsymjesnipa
Hekkeområdet for polarsymjesnipa
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Phalaropus
Art: Polarsymjesnipe P. fulicarius
Vitskapleg namn
Phalaropus fulicarius

Polarsymjesnipa (Phalaropus fulicarius) er ein liten vadefugl. Ho hekkar i arktiske strøk av Nord-Amerika og Eurasia og er ein trekkfugl.[2] Uvanleg for vadefuglar, migrerer ho i hovudsak på oseanisk ruter og har overvintringsområda på tropiske hav og er derfor mest av alt rekna som ein sjøfugl.

Polarsymjesnipa er ca. 21 cm i lengd, med «symjeflikar» på tærne og eit rett, tynnt nebb, noko tjukkare enn hos slektningen symjesnipe. I hekkedrakt er hofuglane vesentlege mørkebrun med svart overside, raud underside og kvite kinn. Nebbet er gult, men svart på spissen. Hannfuglen i hekkedrakt har meir avdempa farger. Ungfuglar er lys gråe og brune på oversida, med brungul underside og ein mørk flekk gjennom auget. Om vinteren er fjørdrakta hovudsakleg grå over og kvit under, men den svarte augeflekken alltid tilstades. Nebbet er svart om vinteren. Lyden er ein kort bik.

Egg

Dei typiske kjønnsrollene hos alle tre symjesnipeartar, Phalaropus, er omvendte i forhold til det vanlege hos fuglar. Hoene er større og meir fargerike enn hannane. Hoene følgjer hannane, konkurrerer om hekketerritorium, og vil aggressivt forsvare reiret og partnaren. Når hofuglane har lagt dei olivenbrune egga sine, vil dei starte på migrasjonen sørover, hannfuglane er latne att for å ruge egga og ta seg av ungane. Kullet har tre til seks egg, reiret ligg på bakken nær vatn. Ungane finn stort sett fôret sjølv og er i stand til å flyge innan 18 dagar etter klekkinga.

Når polarsymjesnipa beitar på grunt vatn, vil ho ofte symje i ein liten, rask sirkel, og dannar boblar i vatnet. Denne åtferda kan tenkast å betre mattilgangen ved å virvle opp mat frå botnen av grunt vatn. Fuglen vil nå til i utkanten av virvelstraumen med nebben og plukke små insekt og krepsdyr der. Det hender dei flyg opp for å fange insekt i flukt. På opent hav beitar dei der det finst konvergerande havstraumar, som gjev oppvellingar, gjerne nær grupper av kval. Utanfor yngletida vil dei ofte leve i flokkar.

Denne arten er ofte svært tam og tillitsfull.

Polarsymjesnipe er ein av artane som vert omfatta av avtalen Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds, (AEWA).

Overvintringsområde

I Europa hekkar polarsymjesnipa på Island, Svalbard[3] og på Novaja Semlja.[4] Europeiske fuglar trekker til havs langs Noreg og Vest-Europa til overvintring i Atlanteren langt frå land utanfor Sør-Afrika og Vest-Afrika. Uvêr under trekket kan blåse enkeltfuglar til kysten.[3] I Amerika er hekkeplassane på Grønland, i høgarktisk Alaska og Canada. Somme av desse trekker til nordlege Stillehavet, sør til California,[5] men dei trekker vesentleg søraust, overvintrar i Atlanteren, dei fleste truleg sør om ekvator. Fuglar som hekkar i Asia, Sibir, trekker til Stillehavet, vest for Sør-Amerika, så langt sør som utanfor Chile.[4]

  • Denne artikkelen bygger dels på «Red Phalarope» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2009, artikkelen gav føljande kjelder:
    • Shorebirds by Hayman, Marchant and Prater ISBN 0-395-60237-8
    • Bull, John; Farrand, Jr., John (April 1984). The Audubon Society Field Guide to North American Birds, Eastern Region. New York: Alfred A. Knopf. ISBN 0-394-41405-5.
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av polarsvømmesnipe Phalaropus fulicarius for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 Svensson, L., Grant P. J., Mullarney K., Zetterstrom D., Ree V. (red norsk utgåve) (1999). Gyldendals store fugleguide. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-25554-7. 
  4. 4,0 4,1 Harrison, P. (1983). Seabirds: An Identification Guide. Aukland: Croom Helm Ltd. ISBN 0-7099-1207-2. 
  5. «Bird Web, Red Phalarope». Seattle Audubon Society.