Hopp til innhald

Pluralis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pluralis, plural eller fleirtal er eit grammatisk trekk i kategorien numerus. Det er eit markert trekk i kategorien, umarkert er singularis. Pluralis uttrykker at ordet som står i pluralis refererer til fleire enn ein referent.[1] I tonumerussystem er pluralis det andre trekket, men det finst også system med tre eller fleire numerus. Dei aller fleste språka i verda har grammatikalisert numerus, og dei har dermed pluralis.

  1. «flertall – grammatikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 13. juni 2017.