Phoebastria
Phoebastria | |
Laysanalbatross Foto: DickDaniels
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Albatrossfamilien Diomedeidae |
Slekt: | Phoebastria Reichenbach, 1853 |
Phoebastria er ei biologisk slekt av albatrossar. Desse store stormfuglane er dei mest tropiske av albatrossane, med totalt fire artar. To artar, laysanalbatross og svartfotalbatross hekkar i på dei nordvestre øyane av Hawaii, gulhovudalbatross hekkar på subtropiske øyar sør for Japan og galapagosalbatross hekkar på Galapagosøyane, ved ekvator.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Phoebastria-albatrossar varierer i storleik frå 190-240 cm, og dei har alle korte, svarte halar.[1]
Dietten for desse fuglane liknar dietten for andre albatrossar ved at dei et fisk, blekksprut, krepsdyr og åtsel.[1]
Dei vel isolerte område som hekkeplassar, og legg eitt egg i kullet. Begge foreldra rugar og har omsut for ungen. Dei er monogame artar, og er ikkje kjønnsmodne før dei er 5-15 år gamle.[1]
Utanom hekketida beitar Phoebastria-albatrossane i Stillehavet nord for ekvator, men galapagosalbatross mest i Perustraumen sør for ekvator.[2]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Som for heile albatrossfamilien er taksonomien i Phoebastria forvirrande. Det er allment akseptert i dag, basert på molekylære prov og fossil, at dei er ei distinkt slekt gått frå Diomedea. Dei fleste kvite albatrossar var tidlegare plasserte i Diomedea, men er no avgrensa til dei to store albatrossartane.[3] Dei deler einskilde eigenskapar: Først er det at nasebora sit på sidene av overnebbet. Nebba på alle stormfuglar i Procellariiformes er òg unike i at dei er delt inn i mellom 7 og 9 hornplater. Endeleg produserer stormfuglar ei mageolje av voksesterar og triglyseridar som er lagra i øvre delen av fordøyingssystemet. Dette blir brukt mot rovdyr og fungerer dessutan som ei lagra, energirik matkjelde for ungar så vel som for vaksne under lange flygingar.[4] Dei har òg ein saltkjertel som ligg ovanfor nasepassasjen som hjelper til å avsalte kroppen, det er salt dei får i seg på grunn av den høge mengda havvatn som dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing frå nasebora.[5]
Artar
[endre | endre wikiteksten]-
Laysanalbatross, Phoebastria immutabilisFoto: Bettina Arrigoni
-
Svartfotalbatross, Phoebastria nigripesFoto: Alan Schmierer
-
Galapagosalbatross, Phoebastria irrorataFoto: Gregory Smith
-
Gulhovudalbatross, Phoebastria albatrusFoto: Steve More/US Fish and Wildlife Service
Phoebastria og Diomedea hadde allereie skilt lag midt i miocen, for 12-15 millionar år sidan. Fleire fossile former er kjente, som forresten òg gjev prov på at Phoebastria tidlegare var utbreidd i Nord-Atlanteren. Den noverande utbreiinga er såleis ein rest. Den eldste kjende arten, med namnet P. californica, var minst på storleiken med gulhovudalbatross, og kan ha vore ein stamfar av denne arten.
Phoebastria i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Artsnamn | Vitskapleg namn | Status | Populasjon | År | Trend | Hekkeplassar | Ref |
Laysanalbatross | Phoebastria immutabilis | NT | 1 600 000 | 2009 | stabil | Midwayatollen og på Laysan, Hawaii | [8] |
Svartfotalbatross | Phoebastria nigripes | NT | 139 800 | 2017 | aukande | Dei nordvestre Hawaii-øyane, dei japanske øyane Tori-shima, Ogasawara og Senkakuøyane, på øyar utanfor Mexico | [9] |
Galapagosalbatross | Phoebastria irrorata | CR | 34 694 | 2001 | minkande | Española-øya i Galápagos-øygruppa | [10] |
Gulhovudalbatross | Phoebastria albatrus | VU | 4 200 | 2012 | aukande | Torishima, Senkakuøyane nær Taiwan | [11] |
Kolonnar i tabellen over:
- Status er arten sin kategori i den globale raudlista til Verdas naturvernunion, IUCN
- Populasjon er estimert storleik på bestand av kjønnsmodne individ, total populasjon er gjerne langt høgare fordi albatrossar startar hekking først når dei er 5-10 år gamle
- Ref er peikar til faktaark om arten hos Birdlife International
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «North Pacific albatross» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2012, mellom anna var følgjande referansar gjevne:
- Double, M. C. (2003). «Procellariiformes (Tubenosed Seabirds)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J.; Olendorf, Donna. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 107–111. ISBN 0 7876 5784 0.
- Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First utg.). New York, NY: Simon & Schuster. s. 29–31. ISBN 0 671 65989 8.
- Nunn, Gary B.; Cooper, John; Jouventin, Pierre; Robertson, Chris J. R. & Robertson Graham G. (1996): Evolutionary relationships among extant albatrosses (Procellariiformes: Diomedeidae) established from complete cytochrome-b gene sequences. Auk 113(4): 784-801. PDF fulltext Arkivert 2008-12-17 ved Wayback Machine.
- Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J.; Olendorf, Donna. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 113–116. ISBN 0 7876 5784 0.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Robertson, C. J. R. (2003)
- ↑ BirdLife International (2022) Søk Species factsheet: Phoebastria Henta 21. februar 2022
- ↑ Nunn, G. B., et al. (1996)
- ↑ Double, M. C. (2003)
- ↑ Ehrlich, Paul R. (1988)
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 21. februar 2022
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
- ↑ BirdLife International (2022) Species factsheet: Phoebastria immutabilis Henta 23. februar 2022
- ↑ BirdLife International (2022) Species factsheet: Phoebastria nigripes Henta 23. februar 2022
- ↑ BirdLife International (2022) Species factsheet: Phoebastria irrorata Henta 23. februar 2022
- ↑ BirdLife International (2022) Species factsheet: Phoebastria albatrus Henta 23. februar 2022