Hopp til innhald

Petroleumskoks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petroleumskoks

Petroleumskoks eller petrolkoks er ein karbonhaldig fast masse som blir utvunne som eit biprodukt (avfallsprodukt) frå olje; frå koksanlegg hjå oljeraffineri eller andre krakkeprosessar. Petroleumskoks vert importert frå USA og vert nytta i produksjon av silisiumkarbid ved føretak i Lillesand og Orkanger.

Petroleumskoks inneheld ofte uønskte ureinheiter som svovel, og brenning av dette stoffet gjev utslepp som bidreg m.a. til sur nedbør som igjen kan gje fisketomme innsjøar.

Anna koks er tradisjonelt vorte utvunne frå kol.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]