Pervomajsk i Mykolajiv oblast
Utsjånad
Pervomajsk | |||
Первома́йськ | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Oblast | Mykolajiv oblast | ||
Rajon | Pervomajskyj rajon | ||
Koordinatar | 48°03′N 30°51′E / 48.050°N 30.850°E | ||
Areal | 25,14 km² | ||
Folketal | 66 965 (2011) | ||
Folketettleik | 2 664 / km² | ||
Grunnlagd | 1. mai 1919 | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
![]() Pervomajsk i Mykolajiv oblast 48°03′N 30°51′E / 48.05°N 30.85°E | |||
Wikimedia Commons: Pervomaisk, Mykolaiv Oblast |
Pervomajsk (ukrainsk Первома́йськ, Pervomajsk) er ein by i Mykolajiv oblast i Ukraina og sentrum i Pervomajskyj rajon. Han ligg ved elva Søndre Bug som deler byen i to. Byen har kring 70 000 innbyggjarar.
Namnet kjem frå russisk russisk pervomaj (первомай) som tyder 1. mai, eller 'maidagen', og syner til at byen vart grunnlagd 1. mai 1919 då dei tre nabobyane Holta eller Golta, Bohopol eller Bogopol og Olvjopol vart slått saman. Desse byane eksisterte frå 1773 og busetnader i området er nemnde så tidleg som i 1676.
Under andre verdskrigen vart Pervomajsk okkupert av Nazi-Tyskland i 1941. Meir enn ein tredjedel av innbyggjarane i Pervomajsk var jødar før krigen, men desse vart myrda under okkupasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pervomaisk, Mykolaiv Oblast» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.