Peparfamilien
Peparfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Piperales |
Familie: | Peparfamilien Piperaceae Giseke, 1792 |
Peparfamilien (Piperaceae) er ein plantefamilie i ordenen Piperales. Han omfattar over to tusen artar fordelt på 8 planteslekter. Slektene med flest plantar er peparslekta (Piper) og Peperomia. Plantar frå familien veks i store delar av tropane.
Artane i peparfamilien kan danna småtre, buskar eller urter. Dei er rike på eteriske oljer med brennende smak. Vanleg pepar blir laga av bæra til svart pepar (Piper nigrum). Den polynesiske drikken kava blir laga av arten Piper methysticum. Mange Peperomia-plantar veks som epifyttar på rotnande tre. Nokre av dei blir dyrka som prydplantar, til dømes Peperomia fraseri og Peperomia caperata.
Slekter
[endre | endre wikiteksten]Underfamilien Verhuellioideae Samain & Wanke
- Verhuellia Miquel 1843 (3 artar)
Underfamilien Zippelioideae Samain & Wanke
Underfamilien Piperoideae Arnott
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pepperfamilien» frå Wikipedia på bokmål, og «Piperaceae» frå Wikipedia på engelsk den 13. oktober 2014.