Peltiereffekt
Utsjånad
Peltiereffekt er ein termoelektrisk effekt som vart oppdaga av den franske fysikaren Jean Charles Athanase Peltier i 1834. Når det blir sendt straum gjennom to ulike metall som er i kontakt med kvarandre, vil kontaktstaden bli oppvarma eller avkjølt. Effekten er den motsette av seebeckeffekten og blir òg kalla reversert seebeckeffekt.
Når ein straum strøymer frå stoff A til B, vert det skapt varme i den øvre overgangen ved , og absorbert varme ved den nedre overgangen ved . Peltiervarmen absorbert ved den nedre overgangen per tid er lik:
der er Peltierkoeffisienten for termoelementet som består av stoff A og B og () er Peltierkoeffisienten for stoff A (B). varierer med temperaturen til stoff og den spesifikke samansetjinga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Thermoelectric effect» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2013.