Hopp til innhald

Peder Tollefsen Ilsaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Tollefsen Ilsaas
Fødd9. mai 1777
Åmot
Død17. februar 1847 (69 år)
Statsborgar avNoreg
YrkeGardbrukar og skogeigar
VervStortingsrepresentant 1815-1817
Alle verv

Peder Tollefsen Ilsaas (9. mai 177717. februar 1847) var ein norsk gardbrukar, skogeigar og stortingsrepresentant.

Han vart fødd på garden Nordre Ilsaas i Åmot og overtok han etter far sin. Han var i si tid ein av dei største skogeigarane i Østerdalen og mykje nytta i kommunen. Han etterlét seg ei stor samling dokument om eigedomssal m.m. som ikkje er bevarte.

Ilsaas var 1. representant frå Hedemarkens amt til det første ordentlege Storting i 1815, der han var medlem av åtte komitear.