Owner of a Lonely Heart
Owner of a Lonely Heart Singel av Yes frå albumet 90125 | ||
B-side |
Our Song | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. november 1983 | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | Dance-rock[1] | |
Lengd | 4:29 (album) 3:50 (singel) | |
Selskap | Atco | |
Komponist | Chris Squire, Trevor Horn, Trevor Rabin, Jon Anderson | |
Tekstforfattar | Chris Squire, Trevor Horn, Trevor Rabin, Jon Anderson | |
Låtskrivar(ar) | Trevor Rabin, Jon Anderson, Chris Squire, Trevor Horn | |
Produsent | Trevor Horn | |
Yes-kronologi | ||
«Into the Lens» (1980) |
Owner of a Lonely Heart | «Leave It» (1984)
|
«Owner of a Lonely Heart» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1983 på albuma til bandet 90125. Songen er den største hitten til Yes til dags dato, og i to veker i januar 1984 toppa singelen Billboard Hot 100 i USA.[2] Songen er skriven av Trevor Rabin, Chris Squire, Jon Anderson og Trevor Horn.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Songen startar med eit gitar-riff som kan minne om eit typisk rock eller hardrockriff. Riffet blir spelt to gonger før det blir punktert av tromma, og så kjem resten av instrumenta med, og blir til songen sin hovudtema. Songen følgjer hovudsakleg standard pop-struktur, med vers, refreng og gitarsolo. På slutten av songen løyser melodilinja seg opp, og det blir avslutta med ein seksjon som gjev assosiasjonar til ein jamsession.
I følgje medkomponist Trevor Rabin vart songen opphavleg skrive som ein ballade, men produsent og medkomponist Trevor Horn vart overtalt av Jon Anderson til å få opp tempoet slik at det vart ein rockelåt. Ein demoversjon som underbygger påstanden om ein rolegare versjon finst på Rabin-albumet 90124, der songen har fått eit jazz-liknande preg.
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]Songen er blitt den åttande mest spelte under Yes-konsertane.[3] Under konsertane på 1980-talet var fremføringa av songen særs lik innspelinga. Under Anderson Bruford Wakeman Howe sine konsertar i 1989 fremførte Jon Anderson ein akustisk versjon som ein del av solo-settet sitt.
Offisielle konsertopptak av «Owner of a Lonely Heart» finst på:
- 9012Live (konsertfilm)
- An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe – akustisk versjon)
- House of Yes: Live from House of Blues
- Symphonic Live
- Songs from Tsongas (akustisk versjon)
- The Word Is Live
- Union Live
- In the Present – Live from Lyon
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jon Anderson: vokal
- Trevor Rabin: gitar, vokal
- Chris Squire: bass, vokal
- Tony Kaye: keyboard
- Alan White: trommer, perkusjon
- Trevor Horn: vokal (ukreditert)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Owner of a Lonely Heart» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Yes biography at Allmusic. "In late 1983, this Yes lineup, med gitarist/vokalist Trevor Horn serving as produsent, released an unexpected liste-topping hit singel (number one in the U.S. in januar of 1984) in 'Owner of a Lonely Heart', displaying a stripped-down modern dance-rock sound unlike anything the group had ever produced before."
- ↑ Billboard Hot 100: «Owner of a Lonely Heart»s plasseringer 21. og 28. januar 1984
- ↑ Forgotten Yesterdays
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yes-songar
- Songar frå 1983
- Singlar frå 1983
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Songar på toppen av Billboard Mainstream Rock-lista
- Songar produserte av Trevor Horn
- Songar om einsemd
- Songar skrivne av Trevor Horn
- Songar skrivne av Chris Squire
- Songar skrivne av Jon Anderson
- Songar skrivne av Trevor Rabin
- Dance-rock-songar
- Atco Records-singlar