Otira
For edderkopparten Otira, sjå Amaurobiidae.
Otira | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
Land Region Distrikt |
![]() West Coast Westland |
Geografi | |
Innbyggjarar - By (2006) |
87 |
Koordinatar | 42°50′S 171°34′E / 42.833°S 171.567°E |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC) +13 (UTC) |
Plassering | |
Otira er ein liten busetnad om lag sju km nord for fjellpasset Arthur's Pass sentralt på Sørøya på New Zealand. Han ligg ved den vestlege tilkomsten til passet, på ein rygg mellom elvene Otira og Bealey høgt oppe i Søralpane. Innbyggjartalet i Otira og nærområdet var 87 under folketeljinga i 2006, ein oppgang på 30 frå 2001.[1]
Dette var opphavleg ein skyss-stasjon på vegen mellom regionane Canterbury og West Coast. Jarnvegslinja vart bygd frå Greymouth til Otira, medan sjølve passet vart trafikkert med hesteskyss inntil jarnvegstunnellen, Otira Tunnel opna i 1923. Under anleggstida (1907 - 1923) husa Otira om lag 600 arbeidarar og familiane deira. På 1950-talet hadde sjølve byen eit folketal på kring 350, men dette gjekk ned til 11 i 1988, og steig att, til ein viss grad, til 44 i 2010[2].
Bygningsmassen består hovudsakleg av gamle jarnvegshus, mange av desse vart bygde i Hamilton og skipa til Sørøya for å verta bygde opp att på staden. I tillegg til jarnvegsstasjonen er her ein pub, ein brannstasjon og 18 hus, 14 av desse busette i 2010[2].

Nær byen ligg to større ingeniørbragder: Otira Tunnel og Otira Viaduct.
Otiraviadukten
[endre | endre wikiteksten]Ovanfor byen ligg Otira Viaduct. Denne vart bygd ferdig i 1999, og spenner over ei strekning på 440 meter med ustabil grunn, og erstattar ein smal svinget og farleg vegstrekning som var utsett for snø- og jordskred og vegstengingar.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NZ Quickstats Statistics New Zealand
- ↑ 2,0 2,1 «For sale: WestCoast Town with 44 people». TVNZ One News. 25. juni 2010. Henta 11. desember 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Otira» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Historikkk om Otira. Arkivert 2013-02-10 ved Wayback Machine.
- Otira i dag. Arkivert 2013-02-10 ved Wayback Machine.
- Forteljingar om livet i Otira. Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
- Foto av signal på jarnvegslinja ved Otira ca. 1926.