Trappar
Trappar | |
Koritrappe Ardeotis kori Foto: Fiver Löcker
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Otidiformes |
Familie: | Trappar Otididae Rafinesque, 1815 |
Trappar er store bakkelevande fuglar med leveområde på tørt og opent steppeland i «den gamle verda» og Australia. Gruppa samlar 26 artar i 9 slekter og utgjer den biologiske familien Otididae i sin eigen orden Otidiformes.
Trappar er altetande og hekkar på bakken. Dei går på kraftige bein med store tær, undervegs hakkar dei føde frå bakken. Dei har lange, breie venger og syner sprikande handsvingfjør og kjennelege mønstre under flyginga. Mange har interessante oppvisingar under paringsleiken, som oppblåste strupesekkar og oppreiste fjørtoppar. Hofuglane legg tre til fem mørke, spraglete egg i ei senking i bakken, og rugar dei aleine.
Utanom hekkesesongen er trappar sosiale og lever i flokkar. Dei er vare og vanskelege å nærme seg i dei opne habitat dei føretrekk.
Dei fleste artane har ein minkande bestand eller er utryddingstrua på grunn av jakt og tap av habitat, sjølv om dei offisielt er verna. Stortrappe blei utrydda i Storbritannia på 1830-talet. Ein freistar no å gjeninnføre arten i landet.[1]
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Trappar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Otis
- Stortrappe, Otis tarda, Great Bustard, VU, Linné, 1758
Slekt Ardeotis
- Arabartrappe, Ardeotis arabs, Arabian Bustard, NT, Linné, 1758
- Koritrappe, Ardeotis kori, Kori Bustard, NT, Burchell, 1822
- Maharajatrappe, Ardeotis nigriceps, Indian Bustard, CR, Vigors, 1831
- Australtrappe, Ardeotis australis, Australian Bustard, LC, Gray, 1829
Slekt Chlamydotis
- Kragetrappe, Chlamydotis undulata, Houbara Bustard, VU, Jacquin, 1784
- Steppetrappe, Chlamydotis macqueenii, Macqueen's Bustard, VU, J.E. Gray, 1832
Slekt Neotis
- Brunhovudtrappe, Neotis ludwigii, Ludwig's Bustard, EN, Rüppell, 1837
- Rustnakketrappe, Neotis denhami, Denham's Bustard, NT, Children, 1826
- Somalitrappe, Neotis heuglinii, Heuglin's Bustard, LC, Hartlaub, 1859
- Saheltrappe, Neotis nuba, Nubian Bustard, NT, Cretzschmar, 1826
Slekt Eupodotis
- Savannetrappe, Eupodotis senegalensis, White-bellied Bustard, LC, Vieillot, 1820
- Blåtrappe, Eupodotis caerulescens, Blue Bustard, NT, Vieillot, 1820
- Karootrappe, Eupodotis vigorsii, Karoo Bustard, LC, Smith, 1831
- Namibtrappe, Eupodotis rueppelii, Rueppell's Bustard, LC, Wahlberg, 1856
- Pygmétrappe, Eupodotis humilis, Little Brown Bustard, NT, Blyth, 1856
- Olivenkronetrappe, Eupodotis savilei, Savile's Bustard, LC, Lynes, 1920
- Bruntopptrappe, Eupodotis gindiana, Buff-crested Bustard, LC, Oustalet, 1881
- Raudtopptrappe, Eupodotis ruficrista, Red-crested Bustard, NR, Smith, 1836
- Svarthalstrappe, Eupodotis afra, Black Bustard, NR, Linné, 1766
- Kvitskafttrappe, Eupodotis afraoides, White-quilled Bustard, LC, Smith, 1831
Slekt Lissotis
- Svartbuktrappe, Lissotis melanogaster, Black-bellied Bustard, LC, Rüppell, 1835
- Svartgumptrappe, Lissotis hartlaubii, Hartlaub's Bustard, LC, Heuglin, 1863
Slekt Houbaropsis
- Bengaltrappe, Houbaropsis bengalensis, Bengal Florican, CR, Gmelin, 1789
Slekt Sypheotides
- Hindutrappe, Sypheotides indicus, Lesser Florican, EN, Miller, 1782
Slekt Tetrax
- Dvergtrappe, Tetrax tetrax, Little Bustard, NT, Linné, 1758
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bustard» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2009
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Om prosjektet for å gjeninnføre stortrappe i Storbritannia, lest 16. august 2009
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar med trappar hos Internet Bird Collection