Osteoporose
Osteoporose («porøse knoklar», frå gresk: οστούν/ostoun «knokkel/bein» og πόρος/poros «pore»), oftast kalla beinskjørheit, er ein progressiv sjukdom i knoklane som er kjenneteikna av nedsett knokkelmasse og tettleik,[1] samt auka risiko for knokkelbrot.[2][3] Ved osteoporose er beintettleiken redusert, mikroarkitekturen i knoklane forvitrar, og mengden og variasjonen av protein i knoklane er endra. Verdsorganisasjonen for helse definerar osteoporose som beintettleik på 2,5 standardavvik[4] eller meir under gjennomsnittleg knokkelmasse, som målt ved røntgenabsorptiometri (DXA); omgrepet «etablert osteoporose» inkluderer nærværet av patologisk fraktur.[4][5] Sjukdomen kan klassifiserast som primær type 1, primær type 2, eller sekundær. Den forma for osteoporose som er vanlegast i kvinner etter menopause vert kalla primær type 1 eller postmenopausal osteoporose, og har samanheng med auka østrogenproduksjon etter menopause. Primær type 2 eller senil osteoporose oppstår etter fylte 75 år og finst hjå både kvinner og menn i forholdet 2:1. Sekundær osteoporose kan oppstå i alle aldrar og ramme både menn og kvinner i like stor grad; denne forma resulterer frå kroniske lidingar og sjukdom, eller langvarig bruk av medikament som til dømes glukokortikoidar, og vert då kalla for steroid- eller glukokortikoidindusert osteoporose.
Risikoen for osteoporotiske knokkelbrot kan reduserast med livsstilsendringar, samt medikament i dei med tidlegare knokkelbrot. Livsstilsendringar inkluderer diett, trening og fallførebygging. Ein amerikansk studie fann ikkje prov for at kalsium- og vitamin D-supplement kunne førebyggje knokkelbrot.[6] Bifosfonat er nyttig for dei som har hatt tidlegare brot, men har minimal effekt hjå dei utan tidlegare brot.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Osteoporosis» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2014.
- ↑ Reikerås, Olav; Kvien, Tore Kristian (13. februar 2009). «osteoporose». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014.
- ↑ «Beinskjørhet og brudd». Folkehelseinstituttet, fhi.no. Folkehelseinstituttet, fhi.no. 19. mars 2003. Henta 14. desember 2014.
- ↑ Brian K Alldredge; Koda-Kimble, Mary Anne; Young, Lloyd Y.; Wayne A Kradjan; B. Joseph Guglielmo (2009). Applied therapeutics: the clinical use of drugs. Philadelphia: Wolters Kluwer Health/Lippincott Williams & Wilkins. s. 101–3. ISBN 0-7817-6555-2.
- ↑ 4,0 4,1 «T17.2 Osteoporose». Norsk legemiddelhåndbok. Norsk legemiddelhåndbok. 22. mai 2013. Arkivert frå originalen 14. desember 2014. Henta 14. desember 2014.
- ↑ WHO (1994). «Assessment of fracture risk and its application to screening for postmenopausal osteoporosis. Report of a WHO Study Group». World Health Organization technical report series 843: 1–129.
- ↑ Moyer, VA; on behalf of the U.S. Preventive Services Task, Force* (26. februar 2013). «Vitamin D and Calcium Supplementation to Prevent Fractures in Adults: U.S. Preventive Services Task Force Recommendation Statement». Annals of Internal Medicine 158 (9): 691–6.