Orrfugl
Orrfugl | |
Orrhøne | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av Orrfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Slekt: | Lyrurus |
Art: | Orrfugl L. tetrix |
Vitskapleg namn | |
Lyrurus tetrix |
Orrfugl (Tetrao tetrix) er ein fugleart av skogshøns.[2]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Det er stor skilnad på høna og hanen. Høna er brunspragla. Hanen er nærmast svart med blåskinnande fjør på brystet. Halen er lyreforma, og det kvite vengjespelet er lett å kjenne igjen under flukt. Hanen veg mellom 1 og 1,5 kg og er om lag 53 cm lang.
Forplanting
[endre | endre wikiteksten]Orrhanespelet (orrleiken) er innleiinga til forplantinga. Den er tidleg på våren og skjer på islagte vatn og opne myrar. På linje med storfuglen er orrfuglen polygam. Parringa skjer på spelplassen i mai. Høna legg 8-9 egg i eit reir på bakken og ho ruger dei ut på 25-27 dagar.
Forvekslingsart
[endre | endre wikiteksten]Orrfugl kan vanskeleg forvekslast med andre fuglar, men hofuglen kan likne på røya (storfuglhoa).
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Kulla held saman heile sommaren. Utover hausten er dei meir spreidd. Vinterstid går dei ofte saman igjen i små flokkar og då beitande i bjørkeskogen. Ved kraftig snøver går dei ofte i dokk, slik som rypene.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Orrfuglen held til i skogsområde i heile landet, men sjeldan i Finnmark. Orrfuglen likar seg helst i litt meir opent lende enn storfuglen. Lyngrabbar og og myrparti trivst dei god i. I barmarksessongen er bær viktigaste føde, om vinteren tar dei opp mot bjørkeskoggrensa for å beite på skota.
Jakt
[endre | endre wikiteksten]Orrfuglen er jaktbar og kjent for godt kjøtt. Årleg vert det felt om lag 30 000 orrfugl i Noreg.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Orrhane med sine typiske lyreforma halefjør
-
Hamar har ein stilisert orrhane i sitt kommunevåpen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ Stokke BG; Dale S; Jacobsen K-O; Lislevand T; Solvang R; Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av orrfugl Lyrurus tetrix for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.